Gir bloggstipend til nynorskungdom

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gir nynorsk bloggstipend

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut eit bloggstipend på 5000 kroner til ungdom mellom 15 og 27 år som likar å skriva og formidla på nynorsk. Det skriv fylkeskommunen på heimesidene sine.

Prosjektet heiter «Mine meiningar på mitt språk», og kjem som eit resultat av at Sogn og Fjordane fylkeskommune vart «Årets nynorskkommune» i 2012. Målet er å gjera unge nynorskbrukarar tryggare i språket sitt.

Prøv deg òg på skrivekonkurransen vår: Kva skal me leva av i framtida?

Med stipendet kjem òg invitasjon til ei kurshelg i september, der deltakarane skal kunne læra av og inspirera kvarandre. Der er det mogleg å dela erfaringar om skriving, foto og marknadsføring med røynde fagfolk og bloggarar.

Det følgjer med nokre krav til stipendet, om du har lyst til å søka. Du må bu i Sogn og Fjordane, og vera mellom 15 og 27 år. Du forpliktar deg til å skriva tre blogginnlegg som skal publiserast på eigen blogg og hos fylkeskommunen, og du må vera med på kurset 12. og 13. september.

Vil du søka, kan du lesa meir hos fylkeskommunen sine sider.

I søknaden skal du mellom anna legga ved eit kort blogginnlegg om eit valfritt tema – kanskje finn du noko inspirasjon her!