Du reddar ikkje verda uansett

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meiningslaus kjeldesortering?

Skal du på ferie i sommar? Skal du fly på ferie i sommar? Då har eg dårleg nytt til deg. Regjeringa har nemleg bestemt at det ikkje er lov for norske statsborgarar å fly. Med mindre du har sortert plast i 100 år. Då kan du ta ei flyreise t/r Oslo-San Fransisco. Då er du klimanøytral. Alternativt kan du berre fly så mykje du orkar og gje blaffen i heile kjeldesorteringa, all den tid du neppe vil greie å sortere plast i 100 år. Du reddar ikkje verda uansett.

LES OGSÅ: – Kjeldesortering hjelper ikkje miljøet

Den «meiningslause kjeldesorteringa» har vore tema i både lokale og riksdekkjande media dei siste vekene. Debatten vart utløyst etter ein artikkel i Aftenposten (8. juni 2015), som viste til forsking gjort av Anne Grete Bruvoll (Vista Analyse). Bruvoll har komme fram til at kjeldesortering har liten positiv effekt for klima og miljø. Og ho meiner offentlege mynde sine pålegg om kjeldesortering framstår som eit paradoks, all den tid det finst langt meir effektive metodar for «å redde verda».

Ja, det stemmer. Det finst langt meir effektive metodar enn kjeldesortering offentlege mynde kan setje i verk for klima og miljø. Andre metodar enn det å vera ein pliktoppfyllande innbyggjar og skilja plast frå papir. Eg og du kan til dømes slutte og køyre bil. Eg og du kan gjera slutt på kjøpefesten i dette landet. Eller, som eksempelet i starten av innlegget viser, vil det vera langt meir effektivt å innføre forbod mot flyreiser, enn å sortere plast.

LES OGSÅ: Kastar meir papp, mindre papir

For stilt opp mot desse store og langt meir effektive verkemidla, vert dei små grepa me gjer kvar dag heime ved kjøkenbenken små og unnselege. Men er dei meiningslause av den grunn? Og er me villige til å slutte å køyre bil? Er me villige til å slutte å fly? Slutte å shoppe? Neppe. Det er heller ikkje målet. Men me er kanskje villige til å bidra litt. Køyre litt mindre bil. Ete opp maten vår. Kjøpe litt mindre. Sortere litt meir. Nettopp av di me er medvitne på at me har eit ansvar.

Kan det tenkjast at eg, som i utgangspunktet kan gje blaffen av di eg bur i ein del av verda der eg faktisk kan gje blaffen, har eit medvite forhold til mitt forbruk og tru på at eg kan utgjere ein skilnad? Kan det tenkjast at offentlege mynde sitt årelange fokus og pålegg om at me skal kjeldesortera har gjeve meg den tanken. Tanken om at me alle har eit ansvar. Tanken om at litt er betre enn ingenting. Kan det tenkjast at alt dette byggjer på grunntanken om at det har større verdi å bruke ting om igjen, i staden for å kjøpe nytt? 

Kan det tenkjast?
Hadde ikkje det i så tilfelle vore ein fin tanke?

LES OGSÅ:Frå piss til pils