Far og son frå Iran dømmer saman.

Roy-Arne Folkestad, Møre-Nytt
Roy-Arne Folkestad, Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Det var ei litt spesiell ramme rundt fotballkampen mellom Sæbø og Skodje onsdag kveld.

For det første brukte Sæbø Legene i Åmdalen, Åmdal si heimebane, til å spele heimekamp. På Sæbø var bana elendig, men «fram på dalen» var bana flott og fast.

For det andre: Som linjemenn denne kampen handla det om far og son, Taher Tamimi (42) og Abbas Tamimi (17). Dei kjem frå Iran, men har vore busette i Ørsta i snart tre år. Taher har over ti års erfaring som linjemann i heimlandet, men onsdag debuterte han med flagget i handa i Noreg. Sonen Abbas er målvakt på Ørsta sitt juniorlag, og har i tillegg gått på linja nokre gonger.

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett

Valfritt
Det er valfritt for klubbane om der skal vere linjemenn på femtedivisjonskampane. Og Sæbø har spelt kampane berre med dommar. Og kampen mellom Sæbø og Skodje var ikkje sett opp med linjemenn. Men etter initiativ frå fotballdommar Oddbjørn Aam, godkjende både fotballkrinsen og klubbane dette.

– Eg synest dette er ein fin måte å inkludere våre nye landsmenn på i lokalmiljøet. Og eg ser på dette som ein god læringsprosess for linjemenn som ønskjer å satse og å lære. Før kampen hadde vi ein gjennomgang, der også trenarane tok del, og då brukar eg ei bane med figurar som eg rullar ut, denne gongen på golvet i klubbhuset, fortel Aam som har lang røynsle med fotballdømming.

Trenarane syntest dei ferske linjemennene gjorde ein god innsats.

– Litt småpirk, men alt i alt gjorde dei det veldig bra, seier assistenttrenar Ørjan Haram. Sæbø-trenar Mats Riise er samd.

LES OGSÅ: Fotballkarrieren enda i sjølvmordsforsøk

Flinke
– Linjemennene var flinke, dei var frampå i offside- og frisparksituasjonar, opplevde Riise.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE