– Me er godt utskjemde

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg lurer jo på om alt dette vêret som me har no, om det er frukt av klimaet. At det forandrar seg det ser me jo, det er jo annleis enn det var for berre fem år sidan, seier Eli Vestbøstad (85).

Ho er på vitjing på Havnahuset bu-og servicesenter i Fitjar der Framtida.no har teke turen for å snakka med den eldre generasjonen om miljø- og klimautfordringane.

LES OGSÅ: Born om klimaendringar – og rosa fly 

– Alt er på ein måte i ulage
Denne junidagen er det regn og surt på Fitjar.

– Somrane er annleis og vintrane er annleis. I år har det no vore ein kjølig sommar og ein mild vinter utan noko frost her, men så har det vore voldsomt med snø andre plassar. Så alt er på ein måte i ulage, seier Eli, som ikkje synest det er utenkjeleg at me menneskjer har påverka med «alle desse gassane me slepp ut».

I sofaen med Eli sit Elisabeth Helland (92) og Borgny Nesbø (98), som begge har arbeidd på gard. Dei tre damene har opplevd krigen og ei tid utan norsk olje og bilar, og har i alle fall ikkje vore vande med fleire bilar per hushald. Men tidene endrar seg.

Rett utfor inngangsdøra til Havnahuset plar kommunen sine elbilar ladast.

– Det er vel bra for miljøet, men det er no litt tungvint viss dei stoppar midt på vegen og det ikkje er meir straum på batteriet, tenkjer Eli og får støtte frå dei andre damene.

LES OGSÅ: Ingen kjøper like mykje elbil som nordmenn 

Straumtoppen
Borgny vaks opp på industristaden Tyssedal der dei dreiv med aluminium og vasskraft og var difor vand med straum heilt frå ho var lita.

– Det var ikkje vanleg det, fortel ho.

I dag ligg Noreg i verdstoppen i straumforbruk.

Med eit snittforbruk på 7600 kilowattimar per person låg Noreg i 2012 på andreplass i verda, berre slått av Kuwait. Ein gjennomsnittsnordmann nyttar omlag ti gongar så mykje straum som ein gjennomsnittleg verdsborgar, som i 2012 nytta 725 kilowattimar.

Noreg skil seg ut i verdssamanheng ved at straum utgjer ein svært stor del av energiforbruket vårt. Straum står for heile 80 prosent av energien til norske hushald, ifølgje SSB.

I 2014 gjekk derimot det stadig aukande straumforbruket vårt noko tilbake og var det lågaste sidan 2009, då finanskrisa fekk skulda for nedgangen.

Ifølgje SSB hadde 2014-forbruket ein klar samanheng med temperaturen. Fjoråret var det varmaste året som er målt sidan år 1900 med ein temperatur 2,2 grader over det som vert rekna som normalt, ifølgje meteorologisk institutt.

I Noreg er ikkje 2015 like varmt, men på verdsbasis går det mot ein ny varmerekord. 

LES OGSÅ: Klar varmerekord i 2014 

Eli Vestbøstad (85), Elisabeth Helland (92) og Borgny Nesbø (98)
Du kan høyra mykje på gamleheimen over ein kopp kaffi med Eli Vestbøstad (85), Elisabeth Helland (92) og Borgny Nesbø (98).

Syndig matavfall
Nordmenn er òg i verdstoppen når det kjem til reising.

Ifølgje ei undersøking gjort av reisesøkemotoren Momondo svara åtte av ti nordmenn at dei har vore på ei privat flyreise minst ein gong dei siste tolv månadane.

Slik har det ikkje alltid vore. Borgny kom til Fitjar, og vart verande der. Reising har det ikkje vorte mykje av på dei tre damene.

– Kvifor skulle me det? Reise rundt? seier Elisabeth til rungande latter rundt kaffibordet.

Borgny trur dei var meir miljøvenlege før i tida, noko Eli meiner ikkje var heilt medvite. Det var berre slik det alltid hadde vore. Å kasta mat var synd. Det som ikkje gjekk i hushaldet gjekk til dyra.

– Me åt det opp, men viss det var mygla fekk me hiva det. Men far min sa det at det var ikkje farleg å eta mygl for det var penicillin, smilar Eli, som er klar over at det no er andre tider.

I dag kastar nordmenn kring 350.000 tonn etande mat. Over 70 prosent av svinnet kjem frå private hushald der kvar nordmann kastar i snitt 46 kilo mat årleg.

LES OGSÅ: Nei til kostbar matkasting

Oljepumpa
Dei tre damene skryt av tilhøva på Havnahuset, der to av dei bur. Velferda er det ikkje noko å seia på.

Sonen til Elisabeth arbeider i industrien og damene er ikkje i tvil om at olja har vore viktig for velferdsstaten Noreg.

– Me har jo fått mykje pengar der, men no minkar det. Det skrumpar inn. Me kan vel ikkje sei at det er naud enno, men det er byrja å minka på velstanden, seier Eli.

– Trur de me kan leva av olja for alltid?

Damene ristar på hovudet.

– Men kva skal me leva av då?

– Ja , det er spørsmålet. Det er ikkje så enkelt å strama inn livreima. Det er lettare å utvida heile tida, men det kan hende me må prøva det. Eg er litt skeptisk sånn. Me må minka på krava til velstand og velferd. Me er jo godt utskjemde, seier Eli, som legg til:

– Dei heilt unge trur eg har litt for optimistisk syn på velferd og sånn, men dei er sånn vande.

LES OGSÅ: Sverige mest berekraftig i verda 

Bondehjelp
Men Eli er òg optimist. Ho trur me vil klara å finna nye og meir miljøvenlege måtar å tene pengar på. Som fleire andre nemnar ho forsking og nyvinning som ein del av løysinga.

Handverk er ei anna næring Eli trur vert viktig i framtida. I fleire år har fagfolk åtvara mot at for få norske ungdommar vel yrkesfag. Denne våren snudde den negative trenda og for fyrste gong på fleire år opplevde dei yrkesretta linjene aukande søkjartal.

– Har du nokre andre tips til kva me kan leva av?

– Ja. Eg tenkjer på bondestanden og bondeyrket. Det er ikkje høgt verdsett no. Det er viktig og bør friskast opp i. Eg synest det er så flott at det er ungdommar som bryr seg om gard og slikt. Eg har til dømes eit tantebarnebarn på 16 år som jobbar som avløysar hjå ein bonde annakvar helg, seier Eli, som gler seg over at fleire i bygda satsar på kortreist mat. 

LES OGSÅ: Odelsjenta får ikkje garden 

Appelsinstas
Borgny er glad for at garden ho og mannen dreiv på Nesbø framleis er i drift, men det er langt frå tilfellet for alle norske gardar. Næringa slit med rekruttering og matjord er ein minkande ressurs over heile verda. Difor har FN erklært 2015 for det internasjonale året for vern av matjord.

Mattryggleik er eit av hovudargumenta for å halda oppe det norske landbruket.

– Sånn som me har det her til lands så innfører me jo næringsmidlar frå andre sida av jorda. Men det kan bli slutt på det, og då må me skaffa det sjølv. Det gjorde me meir før, fortel Eli.

Ho er ikkje åleine om å hugse kor stas det var med appelsinar til jul. Og då ho fyrste gong såg banan etter krigen.

– No er det jo eit vell av allslags sydfrukter og sånn som me aldri har høyrt namnet på eingong. Det er vanleg det no. Me går og vel i det og vrakar. Men det kan bli andre tider, åtvarar 85-åringen.

LES OGSÅ: Insekt på menyen

Miljøspørsmålet
Damene klarar ikkje å hugse akkurat når det byrja å verte snakk om miljøet, men Eli minnast at nokre tykte det var tull, medan andre tok det meir alvorleg. Sjølv skjøna ho at det var viktig.

– Er du bekymra for miljøet?

– Eg er så gamal, men eg tenkjer på dei som veks opp. Det gjer eg.

– Trur du folk bryr seg om det?

– Det ser ikkje slik ut, for somme let bilen stå på tomgang når dei går utor han. Då bryr dei seg ikkje om det. Det er ikkje alle som gjer slik, men det er nokon, meiner Eli, som sjølv tok sertifikatet i ein alder av 45 år.