Daniel Kvammen er kanskje det heitaste namnet i Musikk-Noreg 2015. Det har gått rakt oppover sidan han gav ut sin første singel for under to år sidan.

Anna Kleiva, Norsk Barneblad
Anna Kleiva, Norsk Barneblad

Daniel Kvammen er fødd i 1988, og oppvaksen på Geilo i Hallingdal. Han interesserte seg tidleg for musikk, og danna bandet Seed med ein gjeng kompisar i tenåra. Etter kvart begynte han også å skrive låtar. Dei første songane vart skrivne på engelsk, men Daniel bytte snart over til norsk; det kjendest meir naturleg å skrive på sitt eige språk i ei tid der så mange norske artistar brukar talemålet sitt i songtekster.

I likheit med den eldre og meir grumsete Stein Torleif Bjella, frå nabobygda Ål, begynte Daniel altså å skrive på halling. Som tekstforfattar er det naturleg å vere bevisst på språket ein brukar, og Daniel er oppteken av å halde på dialekta si. Han meiner også at nynorskopplæringa han hadde på skulen, hjelper han med dette.

TEST DEG SJØLV: Kor god er du i halling?

Oslogut
Då Daniel var 19, hadde han jobb i skianlegget på Geilo. Han sat i bua nedst i bakken og passa skiheisen. Utan Internett vart dette gjerne lange arbeidsdagar. Derfor begynte han å ta med seg gitaren på jobb; plutseleg hadde han åtte timar kvar dag til å skrive songar og øve på gitar.

Seinare flytta Daniel til Oslo. Han heldt fram med å spele, men studerte også kultur og leiing på Handelshøyskolen BI. I 2013 spelte han inn eit par låtar i studio; «Ingen vega utanom» og «Alt for mykje tå alt for lite» vart gjevne ut som singel på lp (og digitalt), og anbefalte av WiMP, medan songen «23. desember» fekk ein lengre musikkvideo med personleg guida tur gjennom Geilo. Det var på bakgrunn av desse songane at Daniel vart invitert til å spele på Bylarm i februar 2014.

Konserten hans på Bylarm fekk mykje og god omtale. Han førte dessutan med seg fleire spelejobbar; Daniel spelte mellom anna på Øya, Slottsfjell og Bygdalarm sommaren 2014. I tillegg fekk han platekontrakt, med Jansen Plateproduksjon, som også gir ut Hanne Kolstø og Jonas Alaska.

LES OGSÅ: Kvammen: Vil ha nynorsk i skulen

Debuten
Etter festivalsommaren gjekk Daniel i studio for å spele inn sitt første album. Ein del av songane stammar frå tida som frustrert 19-åring i skibua; plata handlar altså om ei yngre utgåve av Daniel Kvammen. Førstesingelen «Du fortenar ein som meg» – ein kjærleikssong som skulle vere litt breial i all sin melankoli – kom i januar 2015. Både songen, dialekta og mannen vart omfamna av NRK P3 – med andre ord begynte heile Noreg å gle seg til debutalbumet hans. Fremad i alle retningakom i mars, og fekk svært gode kritikkar. Sommarplanane er dermed lagt for Daniel Kvammen: Han skal spele konsert.

Stod først på trykk i Norsk Barneblad!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE