Universitetsdirektør John B. Møst vil avslutta fusjonsprosessen mellom Universitetet i Stavanger og Høgskolen Stord/Haugesund.

Thea Idsøe, Sunnhordland
Thea Idsøe, Sunnhordland

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

Universitetsdirektøren ved Universitetet i Stavanger, John B. Møst tilrår UiS-styret å avslutta fusjonsprosessen med HSH. Dette kjem fram i ei pressemelding frå universitetet fredag ettermiddag.

LES OGSÅ: Kom ikkje i mål – tar ein pause 

Mangel på felles fusjonsplattform
UiS har styremøte søndag 21. juni, her skal saka formelt behandlast. I si vurdering i saksframlegget nemner mellom anna Møst mangel på semje i ei felles fusjonsplattform innan tidsfristen som årsak. 

– Universitetsdirektøren registerer at det er manglande vilje i HSH til å finna ordningar som styret ved UiS har satt som føresetnad for fusjon og eit innhald i ei felles fusjonsplattform. Vidare tek universitetsdirektøren på alvor den skepsisen som er i fagmiljøa ved UiS for fusjonen, heiter det vidare i saksframlegget 

Møst kjem med følgjande forslag til vedtak: 

Universitetsdirektøren ber om at styret sluttar seg til hans vurdering  og fremjar følgjande forslag til vedtak: Styret vedtek å avslutta fusjonsprosessen med HSH. 

LES OGSÅ: Går mot nytt Vestlandsuniversitet 

Levande campus som fanesak
Høgskuledirektør Tage Båtsvik ved Høgskolen Stord/Haugesund meiner ikkje at HSH har vore for kravstore. 

– No ha me forhandla over lengre tid, men me er ikkje blitt samde. For oss har det heile tida vore eit hovudkriterie at me sikrar ein levande campus på Rommetveit og i Haugesund. At dette skulle koma fram i fusjonsplattforma er ei fane me har halde høgt. Dette har ikkje UiS kome oss i møte med, seier Båtsvik. 

Høgskuledirektøren ser likevel ikkje mørkt på framtida til høgskulen. 

– Me ser ikkje svart på dette. Me står støtt som institusjon på eiga hand, men vegen vidare blir likevel ikkje å insistera på å stå åleine. Me har sett på mogelegheitene ved ein eventuell fusjon med Stavanger, no må me ta diskusjonen om vegvalet vidare, seier Båtsvik. 

LES OGSÅ: Fekk positive signal – men ikkje pengar 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

Kommentarar

ANNONSE