Kenguruar flest er keivhendte, konkluderer russiske forskarar i ein ny studie.

NPK-NTB-AFP
NPK-NTB-AFP

Ville kenguruar i Australia viser «ein naturleg preferanse for venstrehanda si når dei utfører visse handlingar, som å stelle nasen, plukke blad eller knekke greiner», konkluderer studien som er omtalt i siste utgåve av Current Biology.

Særleg hjå artane grå og raud kjempekenguru er delen keivhendte høg, sjølv om mange brukar høgrehanda når dei skal utføre meir kraftkrevjande oppgåver. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

ANNONSE