Statkraft opnar likevel for vindkraftprosjekt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statkraft snur om vindkraft

For to veker sidan vedtok styret i Statkraft å skrinleggje vindkraftprosjekta på Fosen og i Snillfjord. Avgjerda førte til skarpe reaksjonar både lokalt og nasjonalt.

LES OGSÅ: Statkraft stoppar fleire vindkraftprosjekt i Norden

Måndag var det ekstraordinært styremøte i Statkraft, der styret tok stilling til ei utvida utgreiing som vart sendt til næringsminister Monica Mæland (H). I utgreiinga kjem det fram at Statkraft meiner prosjekta på Fosen er lønsame, medan Snillfjord ikkje vil vere lønnsamt. Forklaringa på at Fosen er lønnsamt, er at det blæs meir der, heiter det i utgreiinga.

Styreleiar Olav Fjell i Statkraft vil overfor Dagens Næringsliv ikkje kommentere utgreiinga, men han opnar for at Statkraft kan snu avgjerda dersom det er snakk om utbygging berre på Fosen.

– Det vi sa nei til var å byggje ut 1.000 megawatt på Fosen og i Snillfjord, som var føresett av Statnett. Dersom det er mogleg å sjå på delar av prosjekta, kan det vere interessant, seier Fjell til DN.

LES OGSÅ: – Vanskeleg å få vindkrat til å løna seg

Fredag skreiv DN at eit stort internasjonalt finanskonsern vurderer å overta vindkraftprosjekta til Statkraft. No skriv avisa at det er sveitsiske Credit Suisse som planlegg å legge fram eit bod.

Mæland ønskjer overfor DN ikkje å kommentere saka no, men ho har tidlegare sagt at regjeringa vil vurdere å be Stortinget gjere om avgjerda om å gi Statkraft 10 milliardar kroner som følgje av at Statkraft ville legge ned dei to prosjekta. (©NPK)