Det italienske kjøkkenet lokkar nordmenn. For 82 prosent av oss er maten viktig for val av reisemål.

NPK
NPK
Faktaboks

Kva land har best mat:

1. Italia (19 prosent)

2. Hellas (10 prosent)

3. Spania (8 prosent)

4. Thailand (8 prosent)

5. Frankrike (8 prosent)

6. USA (5 prosent)

7. Tyrkia (4 prosent)

8. Tyskland (4 prosent)

9. India (2 prosent)

10. Kina (1 prosent)

11. Japan (1 prosent)

12. Sør-Amerika (1 prosent)

13. Karibia (1 prosent)

14. Sør-Afrika (1 prosent)

15. Egypt (0 prosent) 

LES FAKTALUKK FAKTA

Mest populær er italiensk mat, følgd av gresk, spansk, thailandsk og fransk mat. Minst populær er egyptisk, sørafrikansk, karibisk og søramerikansk mat.

Det går fram av ei spørjegransking som Tickets Respons Analyse har gjennomført.

Å ete godt er ein viktig ingrediens i ferieopplevinga til nordmenn. Så viktig at 82 prosent oppgir at maten påverkar val av reisemål. 24 prosent meiner maten er veldig viktig og 58 prosent meiner at maten er ganske viktig når dei vel kvar dei skal reise. 24 prosent oppgir at dei ikkje veit kva mat dei meiner er best. 2 prosent oppgir at ingen av landa er favorittar.

LES OGSÅ: – Mat må verte viktigare

Best med pizza og pasta?
På topp ligg Italia og Hellas som er dei mest populære matlanda. Desse har derfor ein konkurransefordel samanlikna med mange andre land når det gjeld å lokke til seg reisende.

– Viss du vil reise på safari spelar det knapt noko rolle om italiensk mat er favoritten din, men om du vil reise til sol-og-bad ved Middelhavet er det stor sjanse for at maten gjer at du vel Italia framfor Hellas eller Spania, seier Ellen Wolff Andresen, marknadssjef i Ticket i ei pressemelding.

Minst populært i matsamanheng er Egypt. Ingen i undersøkinga oppgir egyptisk mat som favoritten sin. Det treng ikkje å bety at nordmenn ikkje likar egyptisk mat, berre at dei har andre favorittar.

– Egypt har så mange andre fordelar som turistland at maten ikkje spelar ei så stor rolle. Eit varmt klima på vinteren i kombinasjon med relativt kort flytid og strender med fantastiske snorklingsmoglegheiter er andre ting som lokkar. At det no er færre som reiser til Egypt har så klart ikkje å gjere med maten, men heller med uroa i regionen, seier Wolff Andresen.

LES OGSÅ: Franske matvarekjeder får ikkje lenger lov å destruere mat

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE