Fekk Heddapris for rolla som Allis

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vann pris for rolla som Allis

Det regna med prisar og lovord frå scenekanten på Nationalthetrets hovudscene søndag då store delar av teater-Noreg var samla for å feira seg sjølv og kvarandre under den attande Heddaprisutdelinga.

Prisen for beste kvinnelege hovudrolle gjekk til Marie Blokhus som denne våren har tolka rollefiguren Allis Hagtorn frå suksessromanen «Fugletribunalet» av Agnes Ravatn på Det Norske Teatret.

LES OGSÅ: «Fugletribunalet» blir teater

Klapp på skuldera
Juryen meinte at Blokhus syner eit sjeldant mot og evne til å blottstille seg sjølv i den figuren ho portretterer.

Ho får prisen for ei usedvanlig nyanserik tolking av ein skikkelse sine indre tankar og kjensler. Dette vitnar ikkje berre om ei djup forståing av figuren ho bringer til live, men syner òg ei særeigen evne til å vere ærlig og open i si formidling, heiter det vidare i grunngjevinga.

– Eg er ikkje alltid like flink til å klappe meg sjølv på skuldera å seie at det var godt nok, så tusen takk kjære jury. Dette betyr mykje for meg, sa Blokhus i sin takketale.

Sjå trailer for førestellinga her: 

Fugletribunalet from Det Norske Teatret on Vimeo.

LES OGSÅ: Soning for open scene

Heidra «Hamlet»
Den gjeve prisen for Årets førestelling gjekk til klassikaren «Hamlet» på Rogaland teater, regissert av Kjersti Horn. Hovudrolleinnehavar Torbjørn Eriksen fekk òg prisen for Beste mannlege skodespelar.

Prisen for Beste barne/ungdomsførestilling gjekk til Brageteatret si oppsetting av «Trollmannen fra Oz» av L. Frank Baum med regi av Hilde Brinchmann.

Sjå heile lista over prisvinnarar her.