Eldre risikerer å bli valt inn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Tysnesbladet.

– Det beste med å vera politisk aktiv er å vera med å bestemma ei positiv utvikling i kommunen, seier tidlegare Tysnes-ordførar Hegle Hauge.

Han har vore politisk aktiv i nesten førti år. Også ved dette kommunevalet, når han har passert 70 år, står han på vallista til Senterpartiet (Sp). Han er ikkje den einaste av dei godt vaksne som vil påverka samfunnet. Framføre dette kommunevalet stiller faktisk tre gonger så mange over 67 år som ved førre kommuneval.

– Eg står nedst på lista, og støttar Senterpartiet og det partiet står for, sjølv om eg ikkje har ambisjonar om å koma inn i kommunestyret. Det er rett at det skal vera folk frå ulike aldersgrupper på lista. Og det er bra at det er nokre godt vaksne der. Ein bør engasjera seg i korleis samfunnet kan utvikla seg til å bli betre, seier Hauge.

LES OGSÅ: Set dei yngste på topp

– Vil påveka
Medan Hauge er den einaste på Sp-lista som er fødd før 1949, er Framstegspartiet det partiet som klart har flest frå den eldre garde. Nesten halvparten av kandidatane til lista er fødd mellom 1946 og 1948. På Høgre si liste er tre av dei som stiller til val over 67 år, der Kjell Brekke er eldst, og faktisk den eldste av alle kandidatane framføre kommunevalet i haust.

– Eg er framleis engasjert fordi eg har lyst å vera med å påverka. Det burde alle vera. Det er kjekt når ein får gjennomført noko, seier han.

– Det er kjekt å vera med på det som skjer, gjera livet enklare for folk og sjå at det ein gjer blir bra, seier Florence Straume på Frp-lista.

LES OGSÅ: Skulle ønska leire unge engasjerte seg i politikken

– Heidersplass
Dei eldste på listene er likevel ikkje dei som stiller som toppkandidatar. Fleirtalet av dei er plassert på nedre halvdel av listene og har ikkje fått tilleggspoeng. Til dømes står både Kjell Brekke og Helge Hauge på sisteplass på vallista til deira parti, fordi dei ikkje ynskjer å bli valt inn i kommunestyret.

Jacob Aars, valforskar ved Universitetet i Bergen, meiner det er ein klar samanheng med å stå øvst på lista og bli valt inn i kommunestyret. Men fleire av dei eldste som står nedst på lista, må nok rekna med å bli valt, fordi folk kjenner dei, forklarar han.

– Den nedste plassen er ofte er ein slags heidersplass. Mange av dei som er plassert der kan rekna med å bli kommunestyrerepresentantar på grunn av personstemmer, seier han.

LES OGSÅ: Anri (20) vil bli ordførar

Underrepresentert
Sjølv om dei eldste er relativt godt representert på vallistene, er dei underrepresentert rekna ut frå aldersamansetninga på Tysnes. Medan 12 prosent på vallistene er over 67 år, er i overkant av 20 prosent av folk som bur på Tysnes i denne aldersgruppa.

Aars meiner det er eit ideal at den folkevalde forsamlinga skal vera eit slags tverssnitt av folka i kommunen, og at dei eldre representerer ein type erfaring, som uansett er nyttig og ha med i politikken.

– Dei utgjer ein større del av folket og representerer interesser og erfaringar, seier han, og understrekar at samansetninga på vallistene kan varierer ein del frå val til val.

Brekke meiner ikkje det treng å vera eit mål at det skal vera prosentmessig like mange eldre på listene som i samfunnet.

– Det er bra at listene så og sei er eit snitt av folket, men me kan ikkje ha over tjue prosent eldre i kommunestyret. Dei har ein tendens til å vera meir opptekne av korleis det har vore, enn korleis framtida skal bli, seier han.

Hauge er nøgd med tal på eldre kandidatar som stiller til dette valet, men meiner det er viktig at vallistene i mest mogleg grad speglar tysnessamfunnet.

– Det er synd at det ikkje er fleire eldre på Stortinget, seier han.

LES OGSÅ: Kan 17-åringar styra ein kommune?