New York Times: Olje-Noreg er hyklersk

Noreg er hyklersk som trekkjer oljefondet ut av kolinvesteringar, men samtidig held fram å vinna ut olje og gass, skriv New York Times i ein leiar tysdag.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

New York Times: Noreg er hyklersk

Det er vel og bra at Stortinget stemde for at oljefondet skal trekkja seg ut av selskap som har meir enn 30 prosent av inntektene sine frå kol. Det kan bidra til å auka momentumet mot konkret aksjon på klimatoppmøtet i Paris, skriv avisa.

«Men det er eit problem. Noreg er også den største produsenten i Europa av andre fossile energikjelder, og pengane som landet trekkjer ut av kol, kjem frå over fire tiår med å pumpa olje og gass ut av Nordsjøen», skriv avisa i leiaren.

Sjølv om norske parlamentarikarar skulle ha dei beste intensjonane, er det vanskeleg å unngå ei kjensle av dobbeltmoral når det gjeld den selektive kampen til Noreg mot dei som står for CO2-utsleppa, heiter det i leiaren.

«Det er rett og slett ikkje nok for eit land som bidreg med så mykje olje og gass i verda å offentleg leggja skulda på kol», meiner New York Times.

«Uttrekkinga av kol må berre vera det første steget, og om Noreg ikkje er villig til å la olja og gassen sin bli under bakken, må Noreg i det minste bruka den store rikdommen sin til å støtta forsking for å bidra til at verda unngår å bli avhengig av fossilt brensel. Alt fossilt brensel», konkluderer avisa. (©NPK)

QUIZ: Kor berekraftig er du?