Korleis bli meir synleg på nett?
– Å lykkast med sosiale medium som marknadsverktøy handlar om å inspirere og skapa nysgjerrigheit. Facebook er ein fin måte å kome i kontrakt med kundane på, seier Hanne Nygård-Bøe.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Onsdag inviterte Lærdal Næringsutvikling på ny til frukostmøte på Håbakken i Lærdal. Temaet var korleis bedrifter kan bli meir synlege på nett.
Hanne Nygård-Bøe, delte erfaringar om bruk av sosiale medium. Ho sit som medeigar for klesbutikken Vivendi i Lærdal, og har ansvar for bruken av Facebook og Instagram for butikken. Då ein kan publisere på begge media samstundes, ser ho ingen grunn til å ikkje vera på begge kanalane.
– Facebook er den viktigaste kanalen
– Det er lurt å tenkje gjennom korleis du vil drifta dei ulike sidene og kva mål du har. I Vivendi er det viktig å skapa dialog med kundane, gi informasjon om produkta, inspirere og skapa nysgjerrigheit slik at folk tek turen innom butikken. Slik sett er nok Facebook den viktigaste kanalen, seier Nygård-Bøe.
For å trekke trafikk inn til sidene nyttar Vivendi bilete og videoar av produkt, lokale modellar i ulike aldrar, dei syner fram kven du møter i butikken, held konkurransar og brukar hashtaggar som #Lærdal #mote #klær #sommarantrekk.
– Me brukar også Facebook aktivt når me lagar til arrangement i butikken. Det hjelper å speie bodskapen, ein kan invitere folk, sjå kven som kjem og talet på dei som melder seg på via Facebook brukar å stemme godt med kor mange som faktisk kjem, seier Nygård-Bøe.
Sjekk også ut Vivendi på Facebook og Instagram.
Alt etter behov
Nygård-Bøe driv også interiørbedrifta Rom for forandring, men ho er mest aktiv med å nytte Facebook og Instagram for Vivendi. Det handlar om at Vivendi har klare produkt dei vil selje, medan Rom for forandring ikkje har like stort behov for marknadsføring slik stoda er no. Endrar tidene seg vil Nygård-Bø vurdere å gjere tilpassingar og få meir trykk på sosiale medium også for Rom for forandring.
– Eg lurar på å bruka andre kanalar som Linkedin for å nå bedriftskundar og samarbeidspartnarar. Fleire bedrifter har også starta å nytte Snapchat. Det ser spennande ut og kanskje blir min neste digitale satsing for Rom for forandring, fortel ho.
DIGITAL UTVIKLING: Under frukostmøtet i regi av Lærdal næringsutvikling AS hadde næringsliv et i Lærdal moglegheit til å ruste seg for å ta del i digital marknadsføring. Foto: Ina Eirin Eliassen
Skal hjelpe bedrifter
Per Åke Evjestad og Øystein Lysne, står bak bedrifta Media Vision AS, som vart oppretta i 2009. Dei er i gang med prosjektet "Mykje meir synleg", som no er på forprosjektstadiet. I februar vart det vedteke i omstillingsstyret i Lærdal og Årdal, at prosjektet får tilskot på inntil 130 000 kroner frå omstillingsmidlane.
Prosjektet "Mykje meir synleg" skal sjå på moglegheitene for å etablere ei marknads- og mediebedrift i Lærdal, då digitalisering vil gjera at bedrifter og offentlege etatar treng høgare digital kompetanse. Både Lysne og Evjestad er godt nøgd med oppfølginga prosjektet har fått gjennom Lærdal Næringsutvikling AS.
KJEM IKKJE UTANOM: Øystein Lysne i Media Vision AS seier dei fleste bedrifter bør vera synlege på nett for å klare seg. Lysne er også dagleg leiar i Lærdal IT Park AS. Foto: Ina Eirin Eliassen
På frukostmøte var det nettopp digital utvikling og korleis å nytta digital marknadsføring i eigen verksemd dei tok opp. Det er ingen tvil om at det gjeld å prøve å halde tritt med teknologien.
– Kva bør bedrifter tenke på for å bli meir synleg på nett?
– Ein bør tenkje gjennom kvar og kven kundane er og korleis å nå dei. Hovudsaken er å vera på dei kanalane som kundane dine er på og bruke ressursar etter kva du har behov for. Du må vera synleg på nett for å overleva i dei fleste bedrifter i dag, seier Lysne.
REISELIV: – Reiselivet i Sogn har nok mest å henta på digitalisert marknadsføring, seier Per Åke Evjestad i Media Vision AS. Han jobbar også i Indre Sogn Sparebank og Aurland Sparebank med IT og digitale flater. Foto: Ina Eirin Eliassen
Store bedrifter som vil bli best i klassen, må vera på alle kanalar. Men for mindre bedrifter kan det kanskje vera nok med ei nettside med kontaktinformasjon. Kjøper du ei digital annonse, kan det vera lurt at annonsa er kopla til ei nettside. Kunden kan kanskje vera interessert i meir av det som står på nettsida, enn berre akkurat kva annonsa går på. Slik maksimerer du det du brukar på å gjere deg digitalt synleg, fortel Evjestad.
Lysne minnar også om at på Google-annonsar kan du legge inn søkeord. Legg du inn søkeord som "Noreg" medan bedrifta ligg i Lærdal, kan du tapa pengar på alle som klikkar på annonsa rundt om i Noreg og som ikkje er aktuelle kundar.
– Til dømes ein snikkar i Lærdal som ikkje likar seg på nett, bør kanskje vurdere å få nokon andre til å gjera den digitale marknadsføringa for seg. Reiselivet er kanskje dei som har mest å henta på digitalisering, då dei må henta kundar utanifrå. Her er det eit forbetringspotensiale i Lærdal, som me også kan hjelpa til med, seier Evjestad.