Ventar på at amerikanske myndigheiter løyver pengar så selskap kan komma til Mongstad og testa.

Yngve Garen Svardal, Nordhordland
Yngve Garen Svardal, Nordhordland

Fire amerikanske leverandørar har søkt myndigheitene i USA om å få testa sine teknologiar på TCM på Mongstad, det stadfestar administrerande direktør i Gassnova, Tore Amundsen, overfor avisa Nordhordland.

For fyrste gong sidan oppstarten for litt over tre år sidan, har dei ein horisont som strekk seg langt inn i framtida.

– No kan me sjå inn i 2018, det er nytt for oss, seier han.

LES OGSÅ: TCM vil sleppa ut meir

Shell Cansolv nyleg ferdig med testing
Anlegget står for tida uverksam etter at canadiske Shell Cansolv nyleg avslutta testinga si på Mongstad.

Shell Cansolv er ein av dei leiande leverandørane innan karbonfangst, og leverer sin teknologi til fleire fullskalaprosjekt. Eit døme på det er det integrerte CCS prosjektet Boundary Dam på eit kolkraftverk i Estevan, Saskatchewan, Canada. Cansolv tilbyr ein metode for å fjerna opp til 90 prosent av CO2 frå eksosgass.

Til hausten håpar dei å få på plass eit nytt selskap på Mongstad, britisk-indiske Carbon clean Solutions (CCS). Selskapet har sitt utspring frå eit forskingsmiljø i Storbritannia og India og har laga ei kjemikalieblanding dei har tru på.

– Dette vil vera eit viktig skritt for dei vidare å få testa det i anlegget vårt, seier Amundsen.

Partane har nett inngått ein intensjonsavtale, og forhandlingane er alt i gang og håpet er at CCS er på plass til hausten.

I mellomtida skal eigarane gjera i stand amin-anlegget for å gjennomføra ein test på eigaranes rekning ved hjelp av ei generisk kjemikalieblanding, MEA. Det vert rekna som eit referansekjemikalie, og alle utviklarar vil laga noko som er meir effektivt enn referanseblandinga.

Det er viktig som ein målestokk, og gjer det lettare å få fatt i kundar som vil bruka anlegget sidan ein då har referansane på plass.

LES OGSÅ: – Det er ikkje noko krinsmeisterskap me er med på, det er eit verdsmeisterskap

2018
– Interessa i USA er stor og me reknar med at me i løpet av sommaren og hausten vil vera i forhandlingar med dei amerikanske levrandørane, med mål om at dei kjem hit i 2018, seier Amundsen.

Det er og aktuelt å ta i bruk den såkalla tredje tomta. Eit område som i dag står tomt. Då er det snakk om å ta i bruk ein teknologi som ikkje er i bruk på TCM i dag. Men noko aktivitet vert det ikkje der før i 2017-2018.

– Me har på gang utredningar på kva modifikasjonar som må til på infrastrukturen, seier han.

Tanken deira er at anlegget som skal brukast vert bygd ein plass, skipa til Mongstad og sett opp til bruk der.

LES OGSÅ: Positive, trass alt

Satsar stort på USA
– Kostnaden må dei som vil ta i bruk tomta ta. Det er ikkje vår oppgåve, tykkjer me. Det me kan tenkja oss er å legga til rette infrastrukturen så dei kan komma med ein modul, seier Amundsen.

Han stadfestar at USA kjem til å verta ein viktig markand for dei, dei neste åra.

– Aktiviteten der er stor, og myndigheitene er opptatt av CO2-handtering og har putta masse pengar i det, seier han.

Han peikar og på at dei manglar testkapasitet der borte og har heller ingen moglegheit til å testa i den skalaen TCM kan tilby.

– USA vert veldig viktig dei neste tre-fire åra, sluttar han.

Les saka i Nordhordland!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01
ANNONSE