Skiføre i juni
Ingen kan hugsa at det har vore så mykje snø på skisenteret i Kvinnherad i juni.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først i Kvinnheringen.
Prepareringsansvarleg Olav Gunnar Hjelmeland jobbar for tida på ei hyttetomt oppe ved Fjellhaugen, og seinast onsdag denne veka møtte han ein skigåar som skulle til Nautavatn.
LES OGSÅ: Snø stoppa skulebussen 1. juni
– Han bar skia med seg tjue meter, og så var det godt skiføre heilt fram, fortel Hjelmeland.
I vinter var det ekstremt mykje snø i skisenteret. Dette, og ein kald vår, har gjort sitt til at det framleis er mykje snø der oppe, trass i at kalenderen syner juni.
– Ingen av dei eg har snakka med kan hugsa at det i deira levetid har lege så mykje snø i Fjellhaugen i juni som det gjer i år. Held det fram sånn i åra som kjem, kan gjerne Kvinnherad òg snart skilta med sitt eige sommarskisenter, skjemtar Hjelmeland.
LES OGSÅ: Må endre definisjonen på normalt vêr