Fylka kan tape kraftmillionar på kommunereforma
Fylkeskommunane kan tape mange hundre millionar i inntekter når folkerike kommunar slår seg saman med meir spreiddbygde kraftkommunar. Det er trong for ei overgangsordning, meiner kraftfylka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kan tape kraftmillionar
Dei siste åra har fylkeskommunane tatt inn mellom 350 og 700 millionar kroner i året på overskytande konsesjonskraft frå kommunane, ifølgje avisa Nationen. Dette er straum som kraftselskapa etter lova må setje av til vertskapskommunen, straum som kraftkommunane ofte ikkje klarer å bruke opp sjølve, og som da går til fylkeskommunen.
LES OGSÅ: Satsar på kaldfusjon
Når kraftkommunane gjennom kommunereforma brått kan få auka folketalet og kan bruke meir av konsesjonskrafta sjølve, minkar kraftinntektene til fylkeskommunane tilsvarande. Det meiner dei elleve fylka i organisasjonen Samabeidende kraftfylke det bør takast omsyn til i arbeidet med kommunereforma.
– Fylka må bli part i forhandlingane ved ei eventuell samanslåing, og det må avtalast ei gradvis utfasing av rettande fylka har, seier dagleg leiar Toini Løvseth i Kraftfylka til Nationen.
– Slik blir det mogleg for fylka å avvikle eventuelle langsiktige plikter knytte til krafta fylka har tatt imot over svært lang tid, seier ho, (©NPK)
LES OGSÅ: Konsesjon til tre vindkraftverk i Sogn og Fjordane