Usamd med eiga regjering

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt. 

Kommuneadministrasjonen kom med tilråding om å seia nei til sundagsopne butikkar. Dersom lova skal endrast må den dessutan vera lik for alle. Ei slik avgjerd kan ikkje kvar enkelt kommune fatte, meinte kommuneadministrasjonen, og fekk full støtte i formannskapet.

Ingen vil ha det
Høgre-representant Ragnfrid Sønstabø (H) driv sjølv butikk i Espevær. Ho sa at ho var heilt usamd i forslaget om å ha sundagsopne butikkar.

– Bømlo Høgre støttar ikkje dette forslaget i det heile. Å opne for sundagsopne butikkar vil få store konsekvensar. Dette er ikkje noko folk ønskjer. Eg meiner framlegget til vedtak frå administrasjonen er klokt og greitt, sa Sønstabø. Ho fekk støtte frå Sammy Olsen (Sp).

– Eg veit ikkje om nokon andre som ønskjer dette enn ei dame frå Haugesund, kommenterte han turt.

LES OGSÅ: Trur han må halda søndasgsope 
 

Sundagsfiske
Olsen trakk ein parallell til då det vart opna for yrkesfiske på sundagar. Tidlegare var ikkje dette lov. Etter at det vart opna for sundagsfiske for dei som ville fiskar alle på sundagar.

– I denne saka seier eg meg hjartans samd med Bømlo Høgre, sa Olsen. Karsten Fylkesnes (KrF) sa at Kristeleg folkeparti heile vegen hadde vore tydeleg på kva partiet meinte i denne saka.

– Dette er det ingen som vil ha, og det er ikkje til gode for nokon, sa Fylkesnes. Ordførar Odd Harald Hovland sa at heller ikkje Bømlo Arbeidarparti ønskte sundagsopne butikkar. Deretter vart innstillinga samrøystes vedteken. Saka går no vidare til kommunestyret.

LES OGSÅ: Søndagsope kan bli miljøbombe