Vil ha meir gründerskap i landbruket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha gründerbønder

«Garden som ressurs – marknaden som mål» er namnet på meldinga.

– Målet mitt er å få fleire profesjonelle heiltidsbønder på små og større gardsbruk ved å stimulere vekst og gründerskap i landbruket. Det er ikkje storleiken på garden som er det avgjerande, men kva den enkelte maktar å få ut av ressursane, uttaler landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp), og viser til at norsk landbruk har lang tradisjon for mangesysleri.

LES OGSÅ: Matjord – eit klimaspørsmål

Vil forenkle
Forenklingstiltak er ifølgje statsråden eit hovudpunkt i meldinga. Døme på andre tiltak er ei mentorordning for gründerar, gardssal for alkoholhaldige drikker, utarbeiding av ein strategi for landbruks- og utmarksbasert reiseliv og å vurdere forlengd jakttid for elg og utvida jakttid for andre artar.

Meir lokalmat
Listhaug har også svært konkrete mål for norsk lokalmatproduksjon. I 2014 blei det omsett lokalmat for 3,54 milliardar kroner.

–  No set vi eit mål om at det i 2025 skal omsetjast lokalmat for 10 milliardar kroner. Det skal etablerast ein database for lokalmatprodukt som skal betre kontakten mellom lokalmatprodusentar og daglegvarehandelen og storhushald. Vi skal også arrangere ein årleg møteplass der produsentar av lokal mat og drikke kan møte innkjøparar frå daglegvarehandelen, hotell og restaurantar, seier ho. 

Norges Bondelag seier til Aftenposten at dei er positive til satsisinga på lokalmat og tilleggsnæringar, men er opptekne av at utgangspunktet for Listhaug må vere matproduksjonen. (©NPK)

LES OGSÅ: Insekt på menyen