Nasjonal konferanse om ungdom, valdeltaking og medverknad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

09.30: Registrering og kaffi, vatn, te og frukt

10.00: Opning ved ordførar i Stord Liv Kari Eskeland, leiar i Bømlo Ungdomsråd Marie Rusten Moldøen og Marie K. Bruntveit frå Stord ungdomsråd

10.10: Kva makt har eit kommunestyre og kva makt vil lokalpolitikarane ha etter kommunereforma? ved Helge André Njåstad, leiar i Kommunalkomiteen på Stortinget og tidlegare ordførar i Austevoll

10.35: Kvifor medverknadsorgan? Ungdomsråd som får det til. Ein panelsamtale mellom Anri Hebib (ordførarkandidat for Bømlo Høgre og tidlegare leiar i Bømlo ungdomsråd), Agnes Hoshovde Bernes (leiar i Ungdommens fylkesutval i Hordaland), Thomas Valdersnes (leiar i Radøy Ungdomsråd), MariKalvig (ordførar i Ungdommens bystyre i Stavanger) og Marie K. Bruntveit (Stord ungdomsråd).

11.20: Korleis engasjerer me ungdommen?

Panelsamtale ved ordførar i Austevoll kommune Renate Møgster Klepsvik (Frp) og ordførar i Hå kommune Mons Skrettingland (H), begge to kommunar med forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar.

11.45: Lunsj

12.30: Stemmerett for 16-åringar. Resultat. Johannes Bergh, forskar ved Institutt for samfunnsforskning og prosjektleiar for evalueringa av forsøket med stemmerett for 16- og 17-åringar.

Morten Edvardsen, Landsrådet for Norges barne og ungdomsorganisasjoner (LNU) kommenterer innleiinga til Bergh med utgangspunkt i rapporten til LNU om stemmerettsalder.

13.20: Stemmerettsalder, eldrebølgja og kva ein kan gjera for å få fleire unge til å stemma. Frank Aarebrot, professor ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen (UiB).

13.55: Pause m/ kaffi og kake

14.15: Debatt: Ungdomsvalet 2015. Etter 22. juli blei det snakka om meir openheit og demokrati. Korleis står det til i dag? Korleis kan demokratiet bli utvida endå meir for ungdom? Og kva skal til for at fleire unge skal nytta stemmeretten?

I panelet: Mani Hussaini (leiar i AUF), Tord Hustveit (leiar i Unge Venstre), Erling Laugsand (leiar i Senterungdommen), Anna S. Kvam (nasjonal talsperson for Grøn Ungdom), Sara Berge Økland (sentralstyremedlem FpU), Lasse Fredheim (nestleiar Rogaland Unge Høgre), Daniel C. Hextall (nestleiar Hordaland SU).

Spørsmål ved mellom anna påtroppande nestleiar i Elevorganisasjonen Jørgen Skarstein.

15.30: Den ordinære konferansen er ferdig.

For ungdomsråd og andre interesserte:

15.50: Middag

16.30: Gruppearbeid:

Gruppe A: Kva er klima for deg? – Introduksjon og ope møte om glokal klimajornalistikk 

Gruppe B: Korleis skal ein få fleire unge til å nytta stemmeretten?

17.45: Ferdig