Slik skal 20-åringen reinska verdshava

Neste år skal ein to kilometer lang plastoppsamlar stå klar til å rydda verdshava. Bak prosjektet står 20 år gamle Boyan Slat.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sjøen er det 8 millionar tonn med plast – som forureinar og står for store skadar i verdshava. Det vil Boyan Slat, ein tjue år gamal gründer frå Nederland, gjera noko med, skriv Teknofil.

Han står bak selskapet The Ocean Cleanup, som vil laga store søppeloppsamlarar, eit 100 kilometer langt belte som skal reinska rundt halvparten av The Great Pacific Garbage Patch – eit område mellom Hawaii og California.

LES OGSÅ: Mikroplasten truar livet i havet

I denne videoen forklarar den unge miljøvernaren korleis konseptet fungerer – og kor stort problemet er.

Slat forklarar at mange har prøvd å reinska The Great Pacifig Garbage Patch før – utan hell. Anten kostar det for mykje, eller så er utsleppa som følgjer med arbeidet så store at effekten forsvinn.

I staden for å prøva å senda ut båtar med nett som skal henta inn plastikken, snudde han på konseptet – han vil setta opp eit belte som ventar på at havstraumane skal frakta plasten til seg, før plasten blir samla opp og fjerna.

Denne idéen vart utvikla vidare, og til neste år skal konseptet til Boyan Slat og The Ocean Cleanup stå klart.

LES OGSÅ: – Vi er veldig gode på å stenga ute ubehageleg informasjon

Sidan den gong har han fått meir støtte bak prosjektet, og mykje meir merksemd – og no skal søppelsamlarane leggast ut i Stillehavet over dei fem kommande åra, og fjerna rundt halvparten av plasten som flyt rundt i havet.