Kjempar for stadnamn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Bladet Sunnhordland.

Sandvikjo eller Sandvika, Lambatøkje eller Lambatøket, Bøkjenesvegen eller Bøkenesvegen?

I Fitjar kommunestyre ville dei ha første alternativa, men Statens kartverk har kravd at siste alternativet blir vald. Altså må skrivemåten tilpassast gjeldande rettskrivingsreglar og det offisielle registeret for stadnamn i Norge, Sentralt stadnamnregister.

Det betyr mindre kva som har vore vanleg å kalla dei ulike stadene. I Fitjar er det ei lang liste med stadnamn som Kartverket har kravd endra i høve til det kommunen hadde foreslått.

LES OGSÅ: Dritarkvile

Speed date verka
I mai møtte Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) kommunalkomiteen i Bekkjarvik. Alle ordførarane i Hordaland fekk då to minutt kvar til å leggja fram det dei syns var viktig. Wenche Tislevoll klaga seg då over at dei ikkje sjølv får bestemma kva dei ulike stadene i kommunen skal heita. Fleire i komiteen gav då umiddelbart uttrykk for at dei forstod frustrasjonen og ville ta dette opp i komitemøte når dei kom tilbake til Oslo.

Fridom og ansvar
No går eit fleirtal i komiteen inn for at kvar kommune sjølv i langt større grad skal få bestemma skrivemåte og namn. Fleirtalet er komitemedlemene frå FrP, H, KrF og V. Dei utarbeider no ei innstilling der det går fram kva saker der kommunane skal få meir mynde. Om namneval står det i innstillinga: « Det må vurderast auka kommunalt sjølvstyre innanfor fastsetjing av skrivemåte og namn innanfor adresse og skiltprosjekt.»

Tannhelse
Leiar i kommunal- og forvaltingskomiteen, Helge André Njåstad, meiner det er uhaldbart at andre enn dei som bur i kommunen skal bestemma om det skal vera a-ending eller ikkje i eit stadnamn i kommunen. No skal kommunane ha ansvar for tannhelsa i kommunen. Då skulle det berre mangla at dei ikkje også skal kunna bestemma kva dei ulike stadene i kommunen skal heita og korleis dei skal skrivast, seier Helge Andre Njåstad, som seier han har opplevd dette problemet også i eigen kommune, Austevoll.

– Men bør det ikkje lenger vera noko statleg kontrollorgan?

– Det meiner eg det ikkje trengst. Dette kan kommunane styra heilt sjølve. Innbyggjarane sjølve er kontrollorgan godt nok, seier komiteleiaren.

Supert
Wenche Tislevoll er svært takksam og glad for å bli høyrd i denne saka.

– Det betyr mykje for vår identitet å få bestemma stadnamna sjølve. Namna er ein del av kulturminna våre. Det å få bestemma stadnamn ser eg på som mykje viktigare enn å få lov til å via ektepar, som kommunen og ordføraren no skal få som ny oppgåve, seier Fitjar-ordføraren.

LES OGSÅ: Lærer bygda å kjenne