USA med versjon av #jegharopplevd

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Deler historier om trakassering

Under emneknaggen #firstharassed på Twitter har det gjennom helga blitt delt fleire tusen historier og reaksjonar av same typen som vart delt under #jegharopplevd i april, skriv Aftenposten.

Den amerikanske varianten er noko meir spesifikk enn den norske – #firstharassed oppmodar kvinner til å fortelja historier om første gong dei vart utsette for seksuell trakassering. Her blir det delt opplevingar frå jenter som hadde opplevingar heilt nede i 5-årsalderen.

LES OGSÅ: – Mange jenter på 12 år seier at «hore» er eit vanleg skjellsord

Huffington Post var tidleg ute med å skriva om #firstharassed, som vart starta av Mikki Kendall.

Test deg sjølv: Kva kan du om kvinnekampen?

Kan ha effekt
Aftenposten har snakka med medievitar Ida Aalen om kampanjar som #jegharopplevd og #firstharassed. Ho trur det kan ha ein positiv effekt. Ofte er ikkje enkelthendingane store nok til å få mykje merksemd, men når fleire samlar seg blir summen stor nok til at tradisjonelle media også skriv om det, trur Aalen.

– Det er lettare å setta seg inn i ei enkelthistorie, enn i upersonleg statistikk. Det blir ein slags "Saman er me sterkare"-effekt. Når ein person seier at han/ho har opplevd dette, er det vanskelegare å bortforklara, og lettare å sjå kva trakassering faktisk handlar om, seier Aalen til Aftenposten.

Møter også motstand
Då #jegharopplevd dominerte sosiale media i Noreg, kom det også mange motreaksjonar – ofte frå menn som vil gjera narr eller meiner historiene er overdrivne. Det skjer også i den amerikanske varianten.

Kommentar: Ikkje ver ein forbanna dritsekk