– Eg fekk det vel inn med morsmjølka, seier Simen Skotte (15). Han er snart ferdig med å restaurere sin første traktor.

Lokalavisa Vigga
Lokalavisa Vigga

Saka var først i Vigga.

Den første traktoren, av typen utan motor, fekk han sju månader gammal. Interessa for ting som durar er det mange i familien som har, der føyer Simen seg inn i ei lang rekke.

Traktorinteressa er i alle fall sterkare enn for bruken av smokk. Simen var tre og eit halvt da han skulle slutte med smokk. Det var ikkje så lett, men når han fekk beskjed om at han fekk sitte på med bestefar Per Inge Skotte, som skulle pløye jordet, var valget enkelt. Smokken gjekk i do, og guten i traktoren. Bestefar Per Inge er nok mykje av grunnen til at det er nettopp ein Allgaiertraktor Simen snart ser seg ferdig med.

Då bestefaren vart 60 hadde sønnane Steinar og Mikal kjøpt ein Allgaier A122, par ved ein av traktorane Per Inges far hadde hatt. Den vart shina frå topp til tå, og vart ferdig natta før feiringa skulle vere. Det var ein glad 60-åring som fekk prøve traktoren, og barnebarnet Simen var ikkje mindre ivrig.

LES OGSÅ: Bygde elbilen som er kjappare enn Tesla

Klar til konfen
Eit par år etter kom Simen over ein Allgaier A111 til salgs. Far Steinar var lett å overtale, mor Mariann måtte tenke seg om eit par gonger før sparepengane vart med til Ulsteinvik for å hente heim traktoren. Den gjekk som ei klokke, og litt utstyr fulgte også med. Deriblant eit skjær. Så den som med glede tok på seg brøytinga av gardplassen den vinteren var Simen.

– Det kan vere midtmontert fres på denne traktoren. Det har eg ordenleg lyst til å få tak i, seier Simen.

Ellers har han både transportkasse og slåmaskin, sistnemde er neste restaureringsprosjekt.

No er det eigenleg berre småtteri som gjenstår før den er klar. Det store målet er at den skal vere å sjå utanfor Lesjaskog kyrkje når Simen skal konfirmerast 6. juni.

– Eg synes traktoren er spesiell. Tenk at dei så kort tid etter krigen tok seg tid til å lage noko som er så forseggjort. Også er det lyden da. Den tøffar på ein måte, når du høyrer den skjønnar du at det er noko gammalt og spesielt, seier han.

Pussing
Litt over eit halvår har han brukt på restaureringa, som han har gjort på eigenhand. Traktoren har blitt demontert og delt i to. Clutch og trykkplate er bytta, samt nokre lager. Motoren har han berre gjeve litt stell, den gjekk som ei klokke. Kvar ledig stund har gått med til traktoren.

– Eg er lei av pussing på sløyden, men har ikkje blitt lei av dette, seier han.

Alt har blitt pussa ned med sandpapir.

Les resten av saka i Vigga!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE