– Start med opplæringa tidleg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mange som ventar til eit par månader før dei er 18 år og har nesten ikkje køyreerfaring, som spør om eg trur dei kan få lappen til dei fyller 18. Nei, er som regel svaret til Robin Stokken. Han er trafikklærar ved Stord Trafikkopplæring.

– Billegare
Stokken som andre lærarar høyrer stadig at det er så dyrt å ta førerkort i dag.

– Om nokon har den oppfatning så seier det kanskje litt om eigeninnsats og forståing for læreprosess? Trafikkskulane hjelper gjerne med gode råd og tips til korleis ei god opplæring kan vera. Dei råda er til og med gratis.

– Mengdetrening hjelper. For å redusera ulukkesrisikoen er det viktig å køyra mykje før førarprøven, seier Stokken.

LES OGSÅ:Mopedlapp – fleire ulukker

_MG_9374

Trafikkskulane hjelper gjerne med gode råd og tips til korleis ei god opplæring kan vera.

– Ikkje berre køyring
Sidan teorikurs ikkje er obligatorisk idag, er teorikunnskapane til mange svært svake. Mange kan ikkje dei enklaste regler og skilt på førehand. For at eleven skal ha eit godt utbytte av køyreopplæringa er det viktig å førebu seg teoretisk. Manglar ein teorikunnskapar må ofte trafikklæraren bruke tida i bilen på dette.

Eigeninnsats for både teorikunnskap, køyring utanom køyretimar hos trafikkskule er viktig for å skapa eit godt erfaringsgrunnlag før ein skal ut på eige hand! avsluttar Robin Stokken.

LES OGSÅ: Vil du ha gratis førarkort?