5.300 lærarar får tilbod om vidareutdanning
5.300 lærarar får no tilbod om å delta på vidareutdanning neste studieår. Dei fleste får tilbod om å bli betre i matematikk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etterutdanning for 5300 lærarar
Av dei 5.300 lærarane får 1.780 tilbod om vidareutdanning i matematikk. Matematikk er eit prioritert fag. Det er også norsk, engelsk og naturfag. 679 lærarar får tilbod om vidareutdanning i norsk, 613 i engelsk og 461 i naturfag. Dei andre nesten 1.800 lærarane får tilbod om vidareutdanning i andre fag.
Talet på lærarar som ønskjer å ta vidareutdanning er langt høgare enn i fjor, opplyser divisjonsdirektør Eirik Bolstad Pettersen i Utdanningsdirektoratet.
Lærarar som har fått søknadene sine innvilga vil få finansiert vidareutdanninga enten via stipend- eller vikarordningar. (©NPK)