Her er dei ti beste forfattarane under 35

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei beste under 35 år

 Dei ti beste forfattarane i Noreg under 35 år er kåra av Morgenbladet. Her skil det seg ut nokre hovudtrekk – seks av ti er kvinner, ei skriv barnebøker, to skriv poesi på ikkje-normert norsk – og tre av ti er nynorskbrukarar.

– Hovudtendensen er at det ikkje er ein tendens, men at litteraturen sprikar i fleire retningar, slik den gjorde i 2004. Det som utmerkar seg er kanskje at unge forfattarar held seg midt i trygge sjangrar – romanar, lyrikken og sakprosaen, seier Bernhard Ellefsen, litteraturkritikar i Morgenbladet, om lista.

Morgenbladet laga ei liknande liste for ti år sidan, og skal gjere det same om ti nye år, etter planen. Då var statistikken annleis – sju av ti var menn, og berre to skreiv nynorsk. Den gong var det Carl Frode Tiller og Olaug Nilssen som kom på lista av nynorskbrukarane.

Sjå dette tiårets liste i faktaboksen. Her er nynorsken representert av Agnes Ravatn, Nils Henrik Smith, Lars Petter Sveen og Erika Flatland (som skriv på begge målformer).

Test deg sjølv Kva veit du om bøkene til norske forfattarar?

Nynorsken står sterkt
Tre av ti av forfattarane Morgenbladet reknar som dei beste under 35 år, skriv nynorsk. Ein forfattar skriv begge målformer, to skriv på dialekt eller ikkje-normert norsk, og dei fire siste skriv bokmål. Det er ei jamnare spreiing i språk enn tidlegare.

– Det mest påfallande er kor naturleg plass nynorsken har som litterært språk. Eg trur det seier at nynorsken står sterkare i litteraturen enn den gjer elles i samfunnet, slik den alltid har gjort. Me har ein sterk nynorsk litterær tradisjon, med gigantar som Kjartan Fløgstad og Jon Fosse, seier Bernhard Ellefsen.

For ti år sidan, då førre liste kom frå Morgenbladet, var det to nynorskforfattarar på lista: Carl Frode Tiller og Olaug Nilssen. Ellefsen legg til:

– I litteraturen står målformene meir sidestilt – nynorsk er meir sjølvsagt og naturleg. Ingen tenkjer over at Kjartan Fløgstad eller Lars Petter Sveen skriv nynorsk.

Han trur den sterke posisjonen nynorsken har i litteraturen kan blø over i resten av samfunnet – sjølv om det ikkje vil vera revolusjonerande.

– Det skal mykje til å endra den store offentlegheita med ei litterær målform, men at sterke unge forfattarar skriv nynorsk, og det finst gode omsettingar til nynorsk, det set veldig mange lesarar i kontakt med nynorsken. Lars Petter Sveen har fleire lesarar enn nynorskpublikasjonane.

LES OGSÅ: Det blir nynorskløft i Bergen

Saknar motet
Litteraturkritikaren til Morgenbladet kommenterer at forfattarane på lista – sjølv om dei er flinke – held seg godt planta midt i tradisjonelle sjangrar. Han håpar forfattarane i åra som kjem torer å prøva seg meir fram.

– Det er vanskeleg å ønska seg bøker som ikkje finst. Men sjølvsagt kan ein ønska seg meir sjangeroverskridande verk – litteratur som spring ut frå sjølve litteraturen og inn i bildekunsten eller musikken. Trass alt, sjølv om lista består av sterke forfattarar, skulle ein kanskje ønska at norsk litteratur byr på meir viltre forfattarar som glatt overser tradisjonelle sjangrar.

Spreidd språk
Poesien held seg ikkje alltid til det normerte språket. Rebecca Kjelland skriv poesi på nynorsknær dialekt, og Erlend O. Nødtvedt skriv poesi på ikkje-normert bokmål.

– Kanskje poesien har blitt meir hybrid, meir dialektal, at det er meir språkleg lagdeling, meir sampling, og så bortetter? I alle fall har både Rebecca Kjelland og Erlend Nødtvedt eit breitt lyrisk register, der språkformer i ulike lag blandar seg med ulike tider, tilstander og tidsånder, frå folkekulturen til stevtradisjonen, seier Inger Bråtveit til Morgenbladet om lyrikarane som ikkje nyttar normert norsk.

6 av 10 kvinner – speglar samfunnet
– Det er vel slik samfunnet ser ut i dag, og då er det naturleg at  det blir spegla i det litterære feltet også. Det er inga overrasking – men ikkje noko me har tenkt spesifikt på heller, seier Inger Bråtveit, ein av forfattarane i juryen, til Morgenbladet.

I juryen sat Jan Kjærstad (forfattar), Espen Stueland (forfattar, var på lista i 2004), Tonje Vold (førsteamanuensis ved HiOA), Bernhard Ellefsen (litteraturkritikar i Morgenbladet), i tillegg til Inger Bråtveit.

Dei kvinnelege representantane på lista er Anne Helene Guddal, Ida Hegazi Høyer, Rebecca Kjelland, Agnes Ravatn, Lisa Asaito og Erika Fatland.

– Det er stor breidde og kjønnsfordeling – og her er det ingen kvotering. Lisa Asaito som skriv barnebøker og Erika Fatland som skriv sakprosa har ein naturleg plass på lista, seier Bernhard Ellefsen i Morgenbladet til Framtida.no

LES OGSÅ: Kvifor skrive nynorsk?

Faktaboks

Morgenbladet sine ti beste forfattarar under 35 år:  

Lisa Aisato

Eivind Hofstad Evjemo

Erika Fatland

Anne Helene Guddal

Ida Hegazi Høyer

Rebecca Kjelland

Erlend O. Nødtvedt

Agnes Ravatn

Nils Henrik Smith

Lars Petter Sveen

Kjelde: Morgenbladet