Henta 16 båtar frå Kina

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.

Lørdag er det duka for skikkeleg dragebåtfestival i Lindåsbygda. Det heile startar med prosesjon frå Lindås senter til Lindås brygge – med ein brannbil i front, glade deltakarar, kostymer og musikk. 
16 dragebåtar, med ti roarar, styrmann og ein trommar i kvar, skal i aksjon på fjorden.

LES OGSÅ: Jørgen (14) byggjer eigen båt

Tar styringa
– Vi stiller med eigne styrmenn i båtane, så dei ikkje hamnar ut slusene, seier Rune Nilsen i Underhaldning Vest som står bak arrangementet i samarbeid med Lindås Brygge. 

Han lovar ein dag med mykje moro, liv og røre og mykje underhaldning. 
– Eg gler meg til prosesjonen, og håper at det vil stå ein del folk langs ruta vi skal gå, seier han.

LES OGSÅ:Håvard bur i båten året rundt

12 meter lange
Tidlegare er det henta 10 dragebåtar frå Kina. Denne veka kom dei seks siste. Då Nordhordland snaka med Nilsen onsdag, var han og gode hjelparar i full sving med å tøma ein 40 fots container som var parkert ved Vågseidestranda. Derifrå vart båtane rodd til Lindås brygge. 

– Kvar båt er 12 meter lang, og veldig flott. Det skal monterast trommer og styrepinner, slik at alt er på stell til festivaldagen, seier han. 
Etter ein festivaldag for heile familien, vert det dragefest for vaksne inne på brygga om kvelden.