Trafikklærar Robin Stokken meiner liv kan reddast og førarkort kan bli billegare viss trafikk blir eige fag i skulen.

mm

– Førehandskunnskapane til dei som skal læra seg å køyra bil er ofte for dårlege, seier Robin Stokken. Han er trafikklærar ved Stord Trafikkopplæring.

Han meiner det vil vera lettare å forma medvitne trafikantar viss ein byrjar allereie i 1. klassetrinn med trafikk i skulen, om ikkje tidlegare.

– Alle har ei rolle i trafikken
Robin Stokken meiner alle har ei rolle i trafikken frå dei går ut av døra heime.

– Den rolla bør alle bli meir bevisste på.

– Ungar er uforutsigbare, ungdom og eldre har gjerne augo i ein telefon og andre går der det måtte passa dei best.

– Foreldre lærer ungane sine at ein må sjå venstre-høgre-venstre når ein skal over eit gangfelt. Men veldig få lærer korleis og kvifor ein bør gå eller rettare sagt plassera seg når ein nærmar seg eit gangfelt, og at ein bør sjå seg om og visa at ein har tenkt seg over før ein nærmar seg gangfeltet. Då slepp ein at køyrande må bråstoppa.

Ifølgje Stokken blir alt for mange bevisste på dei forskjellige rollene først i tenåra og oftast når dei skal ta sitt første førarkort.

Trafikklæraren meiner dette er noko som gjeld vel så mykje vaksne som ferdast i trafikken.

– Vaksne må tenkja at dei er forbilde for ungane.

Han meiner det er viktig å byrja medan borna er små og forma medvitet tidleg.

– Det er viktig å læra tidleg at kvar sin oppførsel kan skapa farlege situasjonar for andre.

LES OGSÅ: NAV på skular over heile landet

– Det viktigaste faget
– Eg trur ikkje det er noko viktigare fag enn trafikk. I faget bør ein læra at handlingane dine kan gå ut over andre, seier han.

I læreplanen i kroppsøving skal elevane etter fjerde trinn kunne følgja trafikkreglar for fotgjengarar og syklistar. Etter sjuande klasse skal elevane kunne praktisera trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel.

– For lite, meiner Robin Stokken, og spør seg om i kor stor grad dette blir følgt opp på skulane.

– Éin sykkeldag på skulen er for lite, understrekar trafikklæraren.

Han seier han skjønar at læreplanane allereie er stappfulle, men er likevel klinkande klar på at trafikk er mykje viktigare enn enkelte ting som er i skulen idag.

LES OGSÅ: Ingen bak rattet

– Billegare
Trafikklæraren spør ofte 15-åringar som kjem på trafikale grunnkurs om kva mål dei har med å vera her.

– Då får eg ofte til svar at det er fordi dei ha det for å få førarkort. Læreplanen er klar på at målet med grunnkurset er å skapa interesse og forståelse for trafikk. Så eg spør meg sjølv igjen, er det ikkje viktigare å få den interessa og forståinga før ein er 15?

Med meir opplæring i grunnskulen kan det skapa større interesse og forventingar til trafikalt grunnkurs, samtidig som utbyttet kan verta betre i møte med ein profesjonell trafikklærar. Kurset handlar mykje om å skapa forståing for risiko, noko som igjen kan vera med på å redusera ulykkestala, ifølgje Robin Stokken

LES OGSÅ: Syklistar er hovudfienden for bilistar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE