Klart færre kvinner på topp på partilistene

Fleire enn to av tre av toppkandidatane på listene til kommunevalet til hausten er menn. Flaut, seier likestillingsombodet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Flaut for norsk politikk

Dagens Næringsliv har kartlagt kjønnsfordelinga blant toppkandidatane, og av 2.521 listetoppar i partia som er representert på Stortinget, er det berre 773 kvinner. Det er ein del på 31 prosent.

LES OGSÅ: Kvinner er også ute av toppane i ungdomspartia

– Dette er flaut for norsk politikk og flaut for norsk likestilling, seier likestillings- og diskrimineringsombod Sunniva Ørstavik til avisa.

Det er Framstegspartiet som har færrast kvinnelege toppkandidatar på listene sine. Av 308 toppkandidatar er berre 62 kvinner – ein del på 20 prosent. Kvinnedelen er 27 prosent for Høgre og KrF og 30 prosent for Senterpartiet.

Aps kvinnedel er 33 prosent, medan både SV og Miljøpartiet Dei Grøne har ein kvinnedel på 40 prosent. I Venstre er delen kvinner 32 prosent. (©NPK)

LES OGSÅ: Kritisk til at kvinner ikkje slepp til som toppleiarar