Elbilen som er kjappare enn Tesla

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bygde lynrask elbil

Saka var først i Kvinnheringen

Kjeka er ein av 50 studentar i elevorganisasjonen Revolve NTNU som det siste året har jobba dag og natt for å designa og byggja sin eigen elektriske racerbil kalla «Vilje». Ein elmotor med dryge hundre hestekrefter og ein superlett konstruksjon i karbonfiber gjer at den kun veg 175 kilo og har ein akselerasjon som matchar sportsbilar i millionklassen. Med unnatak av elmotoren, har studentane designa alle delane på bilen sjølv.

LES OGSÅ: Byggjer Noregs råaste el-bil

Kjetil Kjeka fortel at det har vore eit spennande prosjekt å vera med på. Det var heller ikkje sjølvsagt at han fekk vera med blant dei 50.

– Eg måtte først gjennom ein søknadsprosess og intervju, før eg fekk beskjed om at eg var plukka ut.

– Kvifor ville du vera med på prosjektet?

– Eg syntest det verka veldig kult og unikt. Det er ikkje mange som får vera med på å laga ein elektrisk racerbil som er kjappare enn Tesla. Prosjektet er unikt fordi vi får jobba med ting som ikkje er forsvarleg økonomisk i industrien.

Kjeka fortel blant anna at ein del av hjulopphenget er 3D-printa i titan. I år er første gongen studentane byggjer omformaren sjølv, der Kjeka har vore involvert i programmeringa. Han har jobba mest med «hardware» i motorstyringa, og krinskort og programmering av denne nye omformaren.

Bygginga av elracerbilen er ikkje eit skulefag på NTNU, studentane har måtta jobba med prosjektet utanom skuletida. Dermed har det blitt lange dagar på Kjetil Kjeka og dei andre i teamet, men han seier det er verdt det. Til sommaren skal han og dei andre NTNU-studentane konkurrera mot 110 andre universitet frå 28 forskjellige land i «Formula Student». Dei 50 studentene reiser til Silverstone i England 8–12. juli og til Red Bull Ring i Austerrike 10–13. august.

– Bilen er mekanisk sett klar, men det gjenstår ein del. Vi kjem nok til å jobba med den fram til siste konkurransen i august.

Kjetil studerer teknisk kybernetikk og skal ta ei femårig masterutdanning ved NTNU. Han veit ikkje heilt kva han vil jobba med når han er ferdig i 2017, men trivst veldig med utdanninga.

LES OGSÅ: Dei kjem fram etter midnatt