PST vil stanse terrorangrep ved å overvake datamaskinene til mistenkjelege personar. Justisminister Anders Anundsen er positiv. 

NPK-NTB
NPK-NTB

– Vi ser at dei vi er uroa for, i større grad enn tidlegare og stadig oftare, bruker krypteringsmiddel. Enten dei pratar eller dei kommuniserer på data. Det å kunne knekke krypteringa er viktig for oss viss vi skal kunne få innhaldet i samtaler og i kommunikasjon, seier PST-sjef Benedicte Bjørnland til TV 2.

LES OGSÅ: – Overvakinga vil auke

For å kunne overvake dei som planlegg terrorangrep best mogleg, ønsker PST derfor å overvake datamaskiner, blant anna ved hjelp av spionprogram.

– Det kan for eksempel vere å installere ein trojanar, etter rettsleg rettsavgjerd, hos ein person som vi er uroa for. Og så kan vi då lese tastaturet. På den måten, ved å lese tastaturet, får vi også innhaldet i kommunikasjonen, seier PST-sjefen.

PST påpeikte alt i 2009 at dei hadde behov for såkalla dataavlesing, og at vanleg kommunikasjonskontroll var i ferd med å miste sin verdi, men saka blei liggjande i den politiske skuffen. Justisminister Anundsen seier ei politisk vurdering er rett rundt hjørnet.

– Det betyr at eg i utgangspunktet er positivt innstilt, men vi har ennå ikkje gjort ein endeleg konklusjon, seier Anundsen. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE