Unge og uerfarne ulvar forlèt i desse dagar området dei vaks opp i. Enkelte kan komme så tett på menneske og beitedyr at dei må bøte med livet.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Det er draumen om ein partnar og eit eige territorium som får dei unge ulvane til å forlate foreldra og heimstaden.

Vandringa begynner oftast om våren og forsommaren, og ulven kan flytte seg raskt og langt. Mange kryssar også landegrensa mellom Noreg og Sverige, opplyser Miljødirektoratet.

– Dei unge ulvane er ofte nysgjerrige. Difor kan dei nærme seg folk og verke mindre sky enn eldre individ. Det er forklaringa på at mange observerer ulv om våren og forsommaren, seier direktør Ellen Hambro.

LES OGSÅ: – Ulv burde vere fritt vilt

Dei unge dyra kan også dukke opp i delar av landet der det er uvanleg med ulv. Når dei møter sau for første gong, kan det ofte gå gale for sauen.

Miljødirektoratet har gitt fylkesmennene i oppgåve å gje løyve til felling av ulv som gjer skade. Allereie i førre veke vart ein nærgåande ulv felt i Ringebu.

Ulven lever for det meste av elg. Den historiske ulvestammen i Skandinavia døydde ut i 1960-åra, og ulven som er her i dag, stammar frå den finsk-russiske stammen.

I fjor vart det registrert 73– 74 ulvar innanfor våre grenser. Dei fleste har også vore i Sverige. Det vart fødd to nye kull i Noreg i fjor. (©NPK)

LES OGSÅ: – Bøndene ordnar opp i dei fleste problem sjølve

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE