– Ulv burde vere fritt vilt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Såg ulv på Vestlandet

Leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal, legg ikkje skjul på kva han meiner om ulv i Noreg. No er det observert ulv på grensa til Ørsta kommune. Bjørdal har akkurat sleppt dei første av sine 600 sauer på beite i utmarka. Heilt roleg klarer han ikkje å halde seg.

– Eg sleppte dei på Trandal no nyst. Eg skal straks av stad og ha tilsyn med dei, fortel han.

Det var Jan Pedersen frå Øye som onsdag morgon såg ulv på Tryggestad i Stranda kommune. Det er berre ti minutt køyring frå Norangsdalen.

– Beitedyr og rovdyr høyrer ikkje saman. Det er heilt klart. Denne ulven er på ein stad der den slett ikkje skal vere, i det vi kallar beiteprioritert område.

Tilsyn
Bjørdal oppmodar alle som ferdast ute i naturen om å vere på vakt.

– Gi beskjed til rovviltkontakt ved den minste mistanke om ulv.

Han ber også Ørsta kommune om å utnemne eit kommunalt jaktlag som kan stå klare dersom det vert behov for jakt.

– Bønder bør gå tilsyn med dyra sine, og gjerne med våpen. Det er lov å forsvare dyra sine, seier Bjørdal.

Rovdyrpolitikk
Bjørdal er glad for at det er så tidleg i sesongen at det er få sauer som er sleppt på beite i utmarka enno.

– Det er ikkje sikkert ulven kjem hit, men ingen veit kvar den vandrar, så det er ikkje trygt.

Han meiner rovdyrpolitikken i Noreg har skuld i at ulven no er langt unna den såkalla "ulvesona" like ved svenskegrensa.

– Om vi absolutt må ha ulv, er det der den skal vere. Alt anna burde vere fritt vilt. Den nye regjeringa sa at det skulle verte enklare å ta ut rovdyr, men det var berre tome ord. Ingenting har skjedd. Eg meiner det er mykje meir ulv i Noreg enn det styresmaktene vil gå ut med eller har oversikt over, seier Bjørdal.

Hittil i år er det skote ni ulv i Noreg, det høgste talet sidan 2001. Den siste vart felt 10. mai i Oppland.

Les saka i Møre-Nytt!