Frå Os til Katy Perry

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aurora Aksnes vart fødd i Stavanger i 1996, men ho er oppvaksen i Os, utanfor Bergen. Det var storesystera sitt pianospel som inspirerte henne til å begynne med musikk. Aurora lærte seg også å spele piano.

Heilt frå ho lærte å skrive har Aurora likt å skrive forteljingar, noveller og dikt. Som tiåring bytte ho språk i tekstene sine frå norsk til engelsk, og begynte etter kvart å setje dei saman med musikk ho laga ved pianoet.

Aurora har aldri tatt songtimar, og gjekk ikkje med ein draum om å bli popstjerne medan ho vaks opp. Ho var ikkje eingong sikker på om ho eigentleg «kunne synge» – men denne usikkerheita vart blåst bort då ho song framfor publikum for første gong. Det var under eit skulearrangement i Os, og Aurora var 14 år; publikum var begeistra. Ho heldt fram med å skrive songar for seg sjølv, men på scena opptredde ho heller som dansar enn songar. I fleire år var ho danse-elev ved Os kulturskule, og deltok mellom anna i UKM med ei dansegruppe.

LES OGSÅ: Saman mot toppen – Framtida møtte Aurora og designer-søstra

Bylarm
Like før jul 2012 dukka Aurora Aksnes for første gong opp på nettet som songar. Ho hadde spelt inn den sjølvskrivne låten Puppet, og la han ut på Facebook. Ei venninne lasta han opp på NRK P3 si Urørt-side, og songen vart Ukas Urørt i løpet av få dagar.
Det tok omtrent eitt år før Aurora kom med ein ny låt. Awakening vart sleppt som singel mot slutten av 2013 og vart også Ukas Urørt. I februar 2014 spelte ho på Bylarm-festivalen i Oslo, og det var då karrieren verkeleg skaut fart. Konserten var stappfull, og musikkmeldarane skrytte i bøtter og spann i avisene etterpå. Aurora var 17 år, vann Bylarm sin Forbilde-pris, og vart kalla «vinnaren» av festivalen.
Bylarm-suksessen skaffa Aksnes tre platekontraktar; éin for Noreg, éin for Europa, éin for USA. Gjennom våren og sommaren jobba ho mykje med nytt materiale, og spelte konsertar både i og utanfor Noreg. I august reiste ho attende til Bergen for å gå siste året på realfagslina – men slutta etter éin dag. Det var ikkje vits i å gjere ting halvvegs, meinte ho, og bestemte seg for å satse på musikken.
Meir musikkAurora Aksnes sin andre singel, Under stars, vart sleppt hausten 2014. Omtrent på same tid endra ho også artistnamn til AURORA. Det viste seg vanskeleg for folk utanfor Noreg å uttale etternamnet Aksnes.
Våren 2015 spelte Aurora på fleire bransje-festivalar, der dei som ser konsertane, stort sett er folk som arbeider med å bestille folk til andre festivalar. Aurora fekk mange tilbod etter både nederlandske Eurosonic og amerikanske SXSW. Ho gav ut singelen Runaway, som det også vart laga musikkvideo til. Systera Viktoria designa kleda ho hadde på seg i videoen.
I mars spelte ho igjen på Bylarm – denne gongen på ei av dei større konsertscenene i Oslo. Berre dagar i førevegen hadde amerikanske Katy Perry – som er den artisten med mest twitter-følgjarar i heile verda – twitra om kor godt ho likte Aurora sin musikk. Debutalbumet til AURORA er venta i løpet av hausten.

LES OGSÅ: Er det galskap å satsa på musikk?