Kadir Talabani og JudyNyambura Karanja meiner det er på høg tid at heile folket får sjå nokon dei kjenner seg igjen i på scena.

Det første kullet i Multinorsk Teater – Det Norske Teatret sitt utdanningsprogram som skal prega teaterscenene i åra som kjem – ved å gjera dei fargeblinde.

Torsdag kveld var det premiere på eksamensframsyninga «Eg ringer mine brør», av Jonas Hassen Khemiri. Stykket tek føre seg fleire historiar etter terroråtaket i Stockholm i 2010, då ei bilbombe vart sprengt.

– Me møtest fordi alle har opplevd det same. I dette stykket fordi ei bilbombe har eksplodert – alle opplever det heilt likt, fordi me er menneskjer. Eg tykkjer det er viktig og synd at dette stykket er aktuelt, for det burde ikkje vera sånn, seier Kadir Talabani – som spelar hovudrolla i stykket.

LES OGSÅ: Eksamen for multinorske skodespelarar

– Førebels er nervane i sjakk. Det siste året har eg prøvd å ikkje prestera, men heller finna nokoå gjera betre for kvar forestilling. Prestasjon og nerver heng saman. Så lenge ein tenkjer at ein skal jobba på ein spesiell måte, slepp ein meir eller mindre unna nerver, og det er det eg fokuserer på, held Talabani fram.

At sjølve stykket er som det er – og tek føre seg historiar om kjærleik og fordommar – gjer det enklare på ein måte.

– Dette stykket er så personleg at illusjonen om scena forsvinn på eit tidspunkt, for stykket treff meg på så mange punkt.

Korleis treff det?

– Det kan vera politisk, men også menneskeleg. I botnen handlar det om kjærleik og fordommar du møter i kvardagen – korleis folk ser deg og oppfattar deg.

I arbeidet innsåg Talabani noko alvorleg. Han kom til Noreg i 1999, frå den kurdiske delen av Irak.

– Eg fekk ei aha-oppleving då eg jobba med dette stykket. Eg risikerer å aldri nå mitt fulle potensiale i Noreg, berre grunna det avisene skriv og korleis folk ser meg. Å vita at det er der, det treff meg veldig personleg, og det blir tatt opp veldig fint i stykket utan å sei kva som er feil eller riktig.

Judy Nyambura Karanja, ein av dei andre skodespelarane som blir uteksaminert frå Multinorsk teater. Ho kom til Noreg som treåring, frå Kenya.

– Det er sjølvsagt vanskeleg, elles hadde ikkje nokon skrive dette stykket. Me har alle opplevd ei slik katastrofe, og kjent det på kroppen. Me har blitt møtt med fordommar, eit kjærastepar vart banka på bussen før folk skjønte det var ein nordmann, fortel Karanja, og refererer til reaksjonane til mange nordmenn etter 22. juli.

– Då får ein ikkje levd ut sitt fulle potensial, fordi kulturen er slik. Det går langt tilbake. Til slutt er det sola og ultrafiolette stråler som skil oss. Me er alle like, men kroppen min er vand med meir sol, og beskyttar seg mot det.

LES OGSÅ: – Arrangert ekteskap er ofte som nettdating

– Etter å ha blitt betre kjend med nynorsk historie er eg kanskje meir glad i nynorsk enn kven som helst av etniske nordmenn, seier Kadir Talabani, som no blir uteksaminert frå Multinorsk teater. Foto: Det Norske Teatret

Begge skodespelarane er einige om ein ting – det var behov for ei satsing som Multinorsk teater.

– Det er kjempeviktig! Teater speglar samfunnet, og samfunnet i dag er fargerikt. Folk ser ut som oss og går rundt i gatene. Det er også viktig å knusa myten om at teater berre er for rike damer frå Frogner. Det er det jo ikkje. Det er viktig at kven som helst kan komma og kjenna seg igjen, spesielt for ungdommar. Til slutt er det historiene som er viktige, seier Judy Nyambura Karanja.

Har folk venta på dette?

– Eg trur det, og eg kjenner det på kroppen. Når eg går for å sjå noko, vil eg sjå meg sjølv  på scena i ei eller anna form. Ikkje nødvendigvis hudfargen, men noko som gjer at eg kan sei «Der har eg vore, eg kjenner igjen akkurat det, der treff du meg», svarar Kadir Talabani.

Begge trur tida er overmoden for at Multinorsk teater skal ha påverknadskraft i Noreg.

– Eg håpar dette er eit spark som gjer at folk innser at det er på tide å tilsetja fleire. Det er ikkje mange år sidan ein svenske spelte i Othello fordi dei ikkje fann mørke skodespelarar. Dei finst, men det har ikkje vore rom for det. Det er no det skjer, eg trur det kan bli ein snøball-effekt her, seier Karanja.

– Eg er delvis einig. Men ein jobb må gjerast. Ansvaret ligg hos alle – dei med annan etnisk bakgrunn må også satsa på yrker som teater og musikk, legg Talabani til.

– Då eg kom hit i 1999 byrja dei fleste eg var med på yrkesfag og ville ha ein jobb så fort som mogleg, og få familie og tryggleik. Det å møta ein anna kultur, eit anna språk – du har ikkje overskot til så mykje anna. Å satsa på teater i tillegg, og gjera det bra nok – det krev mykje, held han fram.

LES OGSÅ: Nynorsk for nye norske

Sidan Det Multinorske er ein del av Det Norske Teatret, vil framsyninga av «Eg ringer mine brør» gå føre seg på nynorsk. Det fører til eigne utfordringar, som kjem fram under prøvane på premieredagen.

«Ein jente.. Er det ein eller ei? Ei jente» blir det sagt, og retta opp i hurtig.

– Eg kom hit då eg var tre, så eg har snakka norsk sidan barnehagen. Eg lærte norsk til foreldra og søstera mi, fortel Karanja, og demonstrerer animert «Kniv! Gaffel!»

– Eg snakkar fem språk, og læraren min meinte nynorsken vart for mykje. Ho trudde eg ville bli språkforvirra – men det er feil, for snakkar du fleire språk har du øyre for det. Eg gjekk med på det, fordi eg ikkje ville ha lekser på ungdomsskulen, men eg angrar på det no, fortel Karanja vidare.

–Det høyres så bra ut på scena, det er ikkje like stakkato som bokmål. Men det har vore ei utfordring å sei ord som «ikkje» og «mykje», for det sit ikkje like naturleg i munnen, legg ho til.

Talabani møtte mange av dei same utfordringane, men har etter kvart fått eit nært forhold til nynorsken.

– Etter å ha blitt betre kjend med nynorsk historie er eg kanskje meir glad i nynorsk enn kven som helst av etniske nordmenn. Det kurdiske språket hatt ei sentral rolle i vårt strev for sjølvstende som eit folkeslag og nasjon, og folk blir framleis straffa for å snakka og læra vekk kurdisk i deler av Kurdistan. Slik var det også med nynorsken – det starta med ein lengsel etter sjølvstende som folk og som land.

«Eg ringer mine brør» blir spelt på Det Norske Teatret fire gonger i overgangen mellom mai og juni. Du kan lesa meir om framsyninga her.Når dette kullet blir uteksaminert frå Det Multinorske, står det allereie eit nytt kull klart for å gjera teaterscenene fargeblinde i åra som kjem.

LES OGSÅ: Halvparten meiner innvandring gjer Noreg betre

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE