Ap stuper på fersk måling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målinga, som NRK presenterte onsdag kveld, viste dessutan solid framgang for SV og Framstegspartiet.

SV går fram 1,8 prosentpoeng, til 4,6 prosent, medan Frp får støtte frå 9,5 prosent av veljarane, ein framgang på 1,6 prosentpoeng.

Også Senterpartiet går klart fram, med 1,1 prosentpoeng til 7,7 prosent.

Test deg sjølv: Kva kan du om Arbeidarpartiet?

Arbeidarpartiet har hatt svært gode resultat på mange målingar etter at Jonas Gahr Støre i fjor tok over som partileiar, men den siste tida har det butta litt imot. Enkelte analytikarar har peikt på at mange potensielle Ap-veljarar kan ha reagert negativt på landsmøtevedtaket i partiet om å opne for 10.000 kvoteflyktningar frå Syria til Noreg.

Resultata til dei andre partia er som følgjer: Høgre 27,1 (-0,2), KrF 5,2 (+0,2), Venstre 5,1 (+0,5), Miljøpartiet Dei Grøne 3,2 (-0,7) og Raudt 1,5 (+0,5). (©NPK)