Vald til toppverv i ungdomsorganisasjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vald til toppverv

YEPP står for «The Youth for the European People´s Party» og er den største ungdomspolitiske organisasjonen i Europa. Det er også ungdomspartiet til Det Europeiske Folkepartiet. Organisasjonen samlar 57 ungdomsparti frå 39 europeiske land, og frå Norge er KrFU og Unge Høgre medlemmar.

– I YEPP ser eg fram til å vere med på å løyse dei utfordringane eit felles Europa står ovanfor. Det gjeld særleg flyktningsituasjonen i Middelhavet, arbeidsledighet blant unge og krisa i Ukraina, seier Storehaug i ei pressemelding.

Han er internasjonal leiar i Kristelig Folkepartis Ungdom, og kjem frå Askvoll i Sogn og Fjordane. Storehaug har òg vore fast spaltist for Framtida.no.

LES OGSÅ: Eig venstresida fellesskapet?

Storhaug gler seg til å ta fatt på styrevervet.   

– Det er ei spennande oppgåve å få ta del i arbeidet i YEPP. Trass i at vi kjem frå ulike land har vi ein felles visjon i eit meir solidarisk Europa der ungdom får muligheiter, seier han vidare.

– Eg trur Norge har mykje å tilføre Europa enda vi ikkje er del av EU. Både fordi dette er ein kanal der vi kan påverke dei lovene som vedkjem oss i EU, men og fordi vi har med oss verdiar som er viktige for resten av kontinentet, seier Storehaug.

LES OGSÅ: Her blir KrFU-leiaren deportert av KGB

 Jobbe for felles verdiar
Kristendemokratane har mykje positivt å bidra med i YEPP i følgje den nyvalte visepresidenten.

– Gjennom kristendemokratane si aktive deltaking i YEPP har vi med oss arven frå partia som har styrt Europa etter 2. verdskrig. Gjennom å sjå felles verdiar som menneskeverd og menneske sine rettar har vi sikra fred, det er verdiar som ikkje må takast for gitt men som krevjar at vi engasjerer oss aktivt for dei, avsluttar han.

KrFU-leiar, Emil André Erstad er stolt over å få Storehaug inn i styret i YEPP.

– Storehaug er ein dyktig politikar med mykje erfaring frå politikk på internasjonalt nivå. Vi er heldige som har fått hatt Storehaug som internasjonal leiar i KrFU og YEPP er heldige som har fått han inn i sitt styre. Han kjem til å ha mykje positivt å bidra med inn mot europeisk politikk, seier Erstad.