Ikkje mistillit, men kraftig kritikk mot Anundsen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kraftig kritikk mot Anundsen

Mistillitsforslaget mot justisminister Anders Anundsen (Frp) vart drøfta i Stortinget i dag. Det vart fremja av dei raudgrøne, og får ikkje fleirtal – men justisministeren måtte tåla knallhard kritikk i dag. Stortinget vedtok etter kvart sterk kritikk mot justisministeren.

Det kanskje hardaste innlegget i dag kom kanskje frå Arbeiderpartiet sin representant Jette Christensen. Ho lista opp ei rekke grunnar, mellom anna at Anundsen har brote Grunnlova, opplysingsplikten, gitt urett informasjon til Stortinget og heldt tilbake informasjon frå Stortinget – med meir, skriv Dagsavisen.

– Justisminister Anders Anundsen (Frp) har ikkje Arbeiderpartiets tillit, sa Christensen, for å summera innlegget heilt kort.

Sjå faktaboks for ei oppsummering av asylbarn-saka!

LES OGSÅ: Slik byrja asylbarn-saka

Heller ikkje Bård Vegar Solhjell (SV) var nådig i omtalen av Anundsen, som lenge sto for at politikkendringa om å ikkje prioritera lengeverande asylbarn nådde fram til politiet si utlendingseining.

– Det stemte ikkje. Men det var først under høyringa i kontrollkomitéen at han forsto dette, då han høyrte sine eigne underliggande etatar. Ein statsråd har alltid tilgang til informasjon frå dei underliggande etatane sine, anten direkte eller gjennom embetsverket, sa Solhjell ifølgje NRK, og konkluderte med at heller ikkje Sosialistisk Venstreparti hadde tillit til justisministeren.

– Eit pinleg innlegg
Høgre sin representant Michael Tetzschner gjekk hardt imot dei raudgrøne i si taletid, og meinte mellom anna at politikken dei raudgrøne førte i si regjeringstid gjer at «den moralske patosen fell på steingrunn» når dei kritiserer Anders Anundsen.

Bård Vegar Solhjell sette ikkje pris på kritikken frå Tetzschner, og slo tilbake.

– Kanskje alt for sjeldan seier politikarar akkurat det dei meiner, så det skal eg gjera no. Eg tykte det var eit pinleg innlegg frå representanten Tetzschner. Store deler av det vart heldt med ein spydig og harselerande tone i alle retningar, og han byrja med eit angrep som eg oppfatta som svært grovt, sa Solhjell, og spurte Tetzschner om han meinte den tonen var ein god standard for korleis debatt bør foregå på Stortinget.

– Det er ei skjønnsvurdering du gjer. Du likte ikkje mitt innlegg, eg likte ikkje din replikk, svarte Tetzschner kort.

Sjå klippet av ordvekslinga her, frå NRK.

 

LES OGSÅ: «Oppdaga ikkje» asylendring

– Tek kritikken alvorleg
Då Anundsen fekk høve på å svara på kritikken nytta han høvet til å understreka kor viktig oppgåva til kontroll- og konstitusjonskomiteen er, ein komité han sjølv var leiar for i fleire år.

– Stortingets kontrollkomité har ei veldig viktig oppgåve. Dei skal sikra legitimitet i ein parlamentarisk kontroll. Eg merkar meg at deler av komiteen meiner opplysingsplikta er broten. Eg tek denne kritikken på alvor, sa Anundsen.

Han står framleis for at det aldri har vore snakk om å skjerma lengeverande asylbarn, men ha tek sjølvkritikk for korleis saka vart handtert.

Eg tek kritikken svært alvorleg. Eg tek ansvar for alt som skjer i mitt departement og i underliggande etatar, sa Anundsen.

Eit punkt som har blitt kritisert, er kor tydeleg instruksen til politiet si utlendingseining var. Martin Kolberg (Ap), leiar i Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité, skildra i sitt innlegg kor liten den språklege endringa som skulle syna politikken faktisk var. Det einaste som vart endra var å fjerna ordet «lengeverande» i skildringa om asylbarn, sa Kolberg.

– Politikkendringa framsto som klar, men det var ei lita språkleg endring. I ettertid kunne kanskje teksten vore klarare, la Anundsen til.

Han meiner sjølv at han ikkje har brote opplysingsplikta som står i Grunnlova.

LES OGSÅ: Joda, nokon kjem unna politikken

Etter ein lang dag på Stortinget er det klart at Anders Anundsen får halda fram i posisjonen sin som justisminister, og han har fått att noko av tilliten han har mista i denne prosessen, mellom anna frå Arbeidarpartiet.

– Når me stiller spørsmål i Stortinget, må me kunne venta at statsråden gjer det han kan for å kasta lys over fakta i saka, noko han gjorde i sitt lange innlegg i dag. Tidlegare har me opplevd ein statsråd som gjer det han kan for å avgrensa svara sine og direkte feilinformera, sa Jonas Gahr Støre (Ap) ifølgje NRK. Han understrekar likevel at Arbeidarparitet ikkje lenger har tillit til justisministeren.

Sjølv om Anundsen held fram som justisminister no, er det ikkje sikkert at han held seg i den posisjonen gjennom heile regjeringsperioden til Høgre og Frp. Valforskar Frank Aarebrot trur han kan bli erstatta allereie til hausten, ifølgje Nettavisen.

– Eg trur Anundsen må gå frå Justisdepartementet, truleg etter kommunevalet til hausten. Det er truleg at stasminister Erna Solberg (H) vil gjera endringar etter valet til hausten, så det er eit naturleg standpunkt, seier Aarebrot til Nettavisen.

Are Kalvø: Dei meiner det sikkert godt. Særlig.

Faktaboks

Asylbarn-saka:

Asylbarn-saka som har starta ein heftig debatt og ført til eit mistillitsforslag mot justisminister Anders Anundsen, starta i 2013.

Samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia og støtteparta – Høgre, Frp, Venstre og KrF – skulle gjera om på asylpolitikken til dei raudgrøne, og legga større vekt på born sitt beste. Det skulle gjelda spesielt asylbarn som hadde vore i Noreg over lengre tid.

I november 2013 avdekka Bergens Tidende at instruksen om å ikkje lenger prioritera utsending av lengeverande asylbarn, aldri nådde Politiets utlendingseining.

I løpet av 2014 sendte justisminister Anders Anundsen ut nesten fire gonger så mange asylbarn som tidlegare justisminister Grete Faremo gjorde i 2013.

Anundsen har fått mykje kritikk, og saka nådde etter kvart fram til Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité. Høyringa skjedde i februar.

24. mars kom komiteen med innstillinga si. Dei raudgrøne – Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV – gjekk inn for mistillitsforslag mot Anundsen, medan Venstre, KrF og Miljøpartiet Dei Grøne nøya seg med kraftig kritikk.

Mistillitsforslaget som vart fremja vart drøfta i eit fullt Storting i dag. Det gjekk ikkje gjennom, men Anundsen måtte tåla kraftig kritikk frå dei andre stortingsrepresentantane.