Dei meiner det sikkert godt. Særlig.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er ei plikt vi naturligvis som regel drit langt og inderlig i. Fordi den slags både er kjedelig og krev ganske mykje arbeid. Men av og til gjer vi unntak. Først og fremst viss det gjeld ein kollega av oss eller nokon vi kjenner godt.

Derfor skal eg denne gongen gjere plikta mi, og fortelje ei av dei ufortalte historiene. Om ein kollega. Som ikkje er ein kollega meir. Han har nemlig mista jobben.

Denne mannen jobba med politikk i ei større norsk avis. Han skreiv kommentarar. Han ytra seg. Han forklarte politikken og det politiske spelet for sine lesarar. Han var anerkjent. Han blei ofte invitert til radiodebattar for å gjenta det han hadde skrive i avisa. Han blei ofte invitert til tv-debattar for å gjenta det han hadde sagt i radiodebattane. Han var ein av våre beste menn. Ein skarp penn, som gjerne seier når promillen stig, sjølv om ingen skriv med penn i 2015.

Men noko gjekk gale. I dag er han ingen. Ute i kulden. Kva skjedde?

– Det begynte under diskusjonane om justisministeren og asylbarna, fortel han.

Han snakkar lågt. Vi møtest på ei avsidesliggande kro. Det vil seie, eigentlig møtest vi i fullt dagslys midt i sentrum og han snakkar heilt normalt. Men det høyrest ikkje fullt så stilig ut. Uansett: Han fortel kva som skjedde då det begynte å gleppe for han, under diskusjonane om justisministeren og asylbarna:

– Eg tenkte at justisministeren sikkert ikkje har meint noko vondt. At han tydeligvis har rota, men det blir jo mykje papir å halde styr på, og han meinte sikkert ikkje å føre nokon bak lyset.

– Jojo, slik tenker vi jo alle av og til?

– Joda. Men eg skreiv det i ein kommentar.

– Du skreiv det i ein kommentar?!

– Ja. «Slapp av, justisministeren gjer sikkert så godt han kan». Det var tittelen.

– Tullar du?

– Nei.

– Og det var ikkje ironisk meint heller?

– Eg er politisk kommentator. Eg har ikkje ironi.

– Ja, sorry. Men du kan då ikkje skrive slikt?

– Eg veit det. Alle veit det. Når ein kan skrive at ein statsråd blir driven frå skanse til skanse, så skal ein skrive det. Det er påbode. Det veit alle. Det var noko av det første eg lærte då eg begynte å skrive i avisa. Det same med «dårlig politisk handverk». Om ein kan skrive det, så skal ein skrive det. I denne saka kunne eg skrive begge delar. «Statsråden har utøvd dårlig politisk handverk og blir driven frå skanse til skanse». Det kunne, skulle og burde eg ha skrive. Så kunne eg gått heim, vore fornøgd med meg sjølv, og venta på invitasjonane frå radio- og tv-debattane.

– Men i staden skreiv du «Slapp av, justisministeren gjer sikkert så godt han kan»?!

– Ja.

– Og så mista du jobben?

– Faktisk ikkje. Eg slapp med ein advarsel. Sjefen trudde det berre var stress eller noko. Kommentaren blei sjølvsagt aldri offentliggjort. Eg fekk beskjed om å gå heim, ta eit par fridagar, drikke rikelig med vatn og få nok søvn.

– Då var du heldig.

– Veldig. Men så, då eg kom tilbake, begynte det å gleppe igjen. Denne gongen var det debatten om tiggarforbod. Eg skreiv ein kommentar om at det sikkert ikkje er meininga at nokon skal kastast i fengsel for å gi ein kopp kaffi til ein som treng det. Det er sjølvsagt ingen som meiner det.

Vis litt velvilje då, folkens.

– Du skreiv ikkje det?

– Jo eg skreiv det.

– Men du veit at du her kunne skrive opplagte ting om verdens rikaste land?

– Sjølvsagt. Og når ein kan det, så skal ein det. Det er også påbode. Eg veit det. Dessutan var lovforslaget dårlig politisk handverk. Det skreiv eg heller ikkje.

– Men herregud då, mann. Har du eit dødsønske eller?

– Men det er ikkje det verste. Då Senterpartiet ombestemte seg og gjekk imot tiggarforbodet, då skreiv eg at det må vere greitt.

– Det må vere greitt?!

– Ja. Det var det kommentaren heitte, faktisk: «Dette må vere greitt». Eg skreiv at det må vere lov å tenke seg om ein gong til, og finne ut at ein likevel ikkje meiner det ein trudde ein meinte. Eg går ut frå at både regjeringa, samarbeidspartia og opposisjonen meiner det godt.

– Du går ut frå at dei meiner det godt?!?!?

– Ja. Og vil folk vel.

– Det skreiv du ikkje?

– Jo. Eg skreiv ein kommentar med tittelen «Dei meiner det sikkert godt».

– Og då fekk du sparken?

– Då fekk eg sparken.

– Det var då endå godt. Ærlig talt. Suppegjøk.

Først publisert i Aftenposten 7. februar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!