Du risikerer å bli utstøytt om du ytrar blå meiningar som andre studentar er ueinig i, meiner FrP-politikar og BI-student Endre Bodahl.

Pia Sandved Berg, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg
Pia Sandved Berg, Universitas. Omsett til nynorsk av Anders Veberg

Saka var først i Universitas, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

Medan ni prosent av den totale studentmassen fortel at dei har opplevd mobbing på studiet, har heile 25 prosent av dei Frp-sympatiserande studentane opplevd det same. Det syner ei fersk meiningsmåling utført av Sentio for Universitas og Norsk Studentorganisasjon (NSO).

– Studentar er ikkje dei som står Frp nærast, politisk sett. Akademia er venstrevridd, og det blir spegla i undervisinga som ofte ikkje er politisk nøytral. Har ein politiske meiningar som ligg til høgre kan det vera vanskeleg å kjenna tilhøyrigheit til studentgruppa, seier Endre Bodahl.

LES OGSÅ: Over 20 000 studentar opplever mobbing

Han studerer marknadsføring på BI og er styremedlem i Oslo Frp. Bodahl er ikkje overraska over tala som blir presentert i statistikken.

Bodahl har opplevd at forelesarar og lærarar er kritiske til dei politiske meiningane hans. Han fortel at det var eit større problem på ungdomsskulen og vidaregåande, men han merkar det også på BI. Han har lært seg å sjå an forelesaren.

– Om han eller ho har politiske meiningar som tilhøyrer høyresida, seier eg gjerne litt meir, forklarar Bodahl.

Kan påverka karakterane
Bodahl er uroa den politiske ståstaden hans skal få konsekvensar for karakterane.

– Eg er oppteken av å få gode karakterar, og veit at det eg seier i førelesingane kan påverka resultatet, derfor unngår eg ofte politiske diskusjonar i undervisningssamanheng, seier Bodahl.

Professor Raino Malnes underviser i politisk teori ved Universitetet i Oslo. Han prøver å vera så nøytral som mogleg, for å unngå situasjonar som den Bodahl har hamna i, der studentane ikkje lenger torer å uttrykka dei politiske meiningane sine i frykt for at det skal få konsekvensar for resultata.

– Faget mitt presenterer ulike politiske standpunkt, og eg gjer så godt eg kan for å vera like sakleg og kritisk i framstillinga av alle. Kanskje lukkast det ikkje alltid, men ingen kan gjera meir enn sitt beste. Eg ønskjer å legga til rette for open debatt, seier Malnes.

LES OGSÅ: – Ta grep mot mobbing!

Mobbing eller kritikk?
Malnes trur statistikken kan vera ein indikasjon på at Frp sin politikk i større grad enn andre politiske standpunkt blir uglesett i akademia.

Men han understrekar at det er skilnad på mobbing og kritikk av Frp sine politiske standpunkt.

– Mobbing er eit personleg angrep. Det er svært alvorleg. Men forelesarane må ha lov til å trekka ein konklusjon, så lenge premissa er tydelege, argumentasjonen er gjennomsiktig og det er opent for diskusjon, seier Malnes.

Blir hengt ut
Endre Bodahl meiner at akademia er prega av venstrevridde haldningar, både blant studentar og vitskapleg tilsette. Han trur det kan vera noko av grunnen til at Frp-sympatisørane er overrepresenterte i mobbestatistikken. Han fryktar at desse studentane blir frosne ut av studentmiljø fordi dei politiske meiningane deira er uvanlege blant studentar.

– Du risikerer å bli utstøytt om du ytrar blå meiningar, som andre studentar er ueinige i, meiner Bodahl.

Han er også kritisk til korleis forelesarar handterar situasjonar der ein eller fleire studentar ytrar haldningar og politiske standpunkt som blir sett på som politisk ukorrekt i akademia.

– Eg veit om tilfelle der forelesar har hengt ut studentar som har ytra meiningar frå høgresida i undervisinga. Det kan opplevast som mobbing av dei det råkar, meiner Bodahl.

Open debatt
Raino Malnes er einig i at det skal vera rom for open debatt, og at det er forelesaren sitt ansvar å legga til rette for det. Samstundes må ikkje den opne debatten bli ein arena der studentar eller forelesarar kjempar om å få siste ord.

Malnes meiner både forelesarar og studentar bør vera opptekne av å argumentera, heller enn å konkludera. Han tykkjer det er meir interessant å vita kvifor ein meiner det ein gjer, enn kva ein meiner.

– Dersom ein student stadig vekk utbasunerer meiningane sine, kan det vera ei plage. Det er det også om ein forelesar gjer det same, og det er verre fordi forelesaren har meir autoritet i forelesingsrommet enn studentane, seier Malnes.

Test deg sjølv: Kva kan du om Frp?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE