Sjølvkøyrande bil på vegen i sommar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snart førarlaust på vegen

Google har i lengre tid prøvd seg fram med sjølvkøyrande bilar, og har mellom anna jobba saman med Lexus om ein annan sjølvkøyrande bil som har blitt testa mykje. No skal Google sin heilt eigne førarlause bil testast på vegar i Mountain View, California, der Google har hovudkvartera sine, skriv The Verge.

Det skjer i sommar, med følgjebilar saman med kvar bil og ei maksfart på 40 km/t.

LES OGSÅ: Ingen bak rattet

Me ser fram til å læra korleis menneska rundt oppfattar og samhandlar med køyretøya, samt å oppdaga nye utfordringar, til dømes kor bilane skal stoppa om det er vegarbeid som hindrar den i å stoppa nøyaktig der den skal, skriv prosjektdirektør for programmet, Chris Urmson, på bloggen til Google.