Venstre ordna opp etter debatt i regi av Framtida.no og Me snakkast.

mm

For to veker sidan arrangerte debattprosjektet Me snakkast debatt om byutvikling på Stord folkebibliotek i samarbeid med Stord ungdomsråd og Framtida.no.

Etter debatten blei Venstre-politikar Geir Angeltveit kontakta av eit medlem av ungdomsrådet på Stord, som lurte på kvifor Kystbussen ikkje lét reisande med ungdomskort sitja på frå Føyno til Leirvik, på siste buss 23.05.

Avtalen mellom Skyss og Kystbussen gjeld normalt sett denne og andre strekningar, men ungdomen hadde her blitt systematisk avvist. Angeltveit lova då å ta denne saka vidare til fylket og få eit endeleg svar. Han sendte spørsmålet vidare til samferdslepolitikar og bussjåfør Alf-Helge Greaker (V), som tok spørsmålet opp i Samferdsleutvalet i Hordaland 12. mai.

Skyss sjekka i løpet av møtet, og kunne stadfesta at UngdomsSkyss skal kunna nyttast på Kystbussen Føyno-Leirvik ved siste avgang 23:05. Greaker oppmoda så Skyss om å ta dette opp internt med Kystbussen sine sjåførar, noko dei stadfesta at dei ville ordna opp i.

– Vanskelegare treng det ikkje vera. Hadde ingen sagt i frå, hadde ein heller ikkje fått ordna opp i det. Historias moral; ta kontakt, seier Geir Angeltveit i ein kommentar.

LES OGSÅ:Kva er vitsen med lokalpolitikk, Geir Angeltveit?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE