Vandalisme eller feminisme?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Studvest, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

– Velkommen til Kvinnehistorisk natt! ropar ei ung jente, ståande på den blå steinen. Under ho ligg eit stort tøystoff strukke ut med setningar som: «Stopp patriarkatet», «Nok mannsdominans i byrommet» og «Byen trenger flere kvinnegater». Av dei 282 uforpliktande «skal» på Facebook har omtrent 40 møtt opp, alt frå små barn til eldre menneskjer. Mesteparten kvinner, men også nokre menn. Dei står tett og trippande i kveldskulden, og jublar etter velkomsten. I kveld skal kvinnene hyllast i Bergen by.

LES OGSÅ: – Mange jenter på 12 seier at «hore» er eit vanleg skjellsord

Nasjonalt og globalt
– Me var fem stykk som tykte at byrommet var for maskulint, og ville gjera noko positivt for å auka bevisstheita til folk om det. Me vart inspirert av ein kunstaksjon i USA og lagde vår eigen vri på den, seier Charlotte Myrbråten. Ho har starta opp aksjonen som har spreidd seg til både Oslo, Trondheim og Fredrikstad, samt Nederland, Ukraina, Kviterussland og Russland. Kvinnehistorisk natt er eit feministisk prosjekt.

– Kvinner tener framleis mindre enn menn, valdtekt er eit stort problem, menn blir ikkje sett på som like gode omsorgspersonar som kvinner, og menn har meir makt enn kvinner i arbeidslivet. Dette er nokre få eksempel på at me treng ein aktiv likestillingspolitikk. Å vera feminist er ein måte å både verdsetta kampane som er gjort, samstundes som ein innser at det står igjen viktig arbeid, både i Noreg og i verda, seier Myrbråten.

– Sivil ulydnad
Aktivistflokken går samla nedover Torgallmenningen, og stoppar ved Sjøfartsmonumentet. Somme byrjar å ta av seg skoa, og skiftar til gummistøvlar. Fire-fem stykk vassar ut i fontena, ein av dei er barbeint, og med seg har dei kvinnelege pappfigurar som dei set opp mellom mannsfigurane på monumentet. Camilla Collett kan sjåast, kvinnesakspionér Fernanda Nissen, homofilaktivist Kim Friele og journalist Madeleine Schultz.

– Me pleier å visa omhug til plakatreglar, men eg kan ikkje snakka for alle. Dette er jo aktivisme, og då er ein gjerne nøydd til å driva med litt sivil ulydnad for å bli sett, seier Charlotte Lilleheil, som har vore med på Kvinnehistorisk natt fleire gonger tidlegare.

Regnet kjem og det bles seg til, men pappfigurane står standhaftig i vinden. Penslar og tapetlim i små glaskrukker blir delt ut. Flokken blir oppløyst og spreier seg ut i kvar sin retning, klare for å dekorera resten av byen.

LES OGSÅ: Feministisk initiativ til val i Bergen og Oslo

– Forsøpling
Trafikketaten har vektarar som dagleg kontrollerer plakatoppsetjing i sentrum. Fagdirektør Øyvind Haga kjenner ikkje til saka, men seier at å henga damer opp i byrommet på generelt grunnlag vil reknast som forsøpling.

– Vanlegvis vil ulovleg oppsetjing av plakatar bli fjerna for plakatoppsettaren si rekning, og det vil leggast til eit gebyr, seier han, og legg til at personar berre kan straffast om vedkommande sjølv blir tatt i handlinga.

Myrbråten kjenner til plakatreglane, og seier at kvar enkelt sjølv bestemmer kvar plakaten skal henga, og eventuelle konsekvensar av dette.

– Det er eit tiltak der innbyggarane demokratisk kan vera med å prega byen sin. Me treng fleire stader å henga plakatar i Bergen, ikkje færre. Eg er sikker på at mange vil setja stor pris på å sjå alle dei flotte heltinnene på veg til skulen eller arbeidsplassen, seier ho.

Ikkje like flott for alle
– Få det søppelet vekk frå byrommet vårt, blir det kasta med mørk bergensdialekt frå ein gjeng eldre menn som går forbi.

– Ha ein fin dag de òg! blir det ropt sjølvbeherska tilbake frå studentane Camilla Haug og Damien Magrou. Dei himlar med auga, ler, og spring av garde inn i Christian Michelsens gate for å henga opp fleire plakatar.

Magrou dyppar penselen i limkrukka som Haug held fram, smørjer limet utover ein vegg og smeller eit parpirskilt over med eit klask.

– Gudrun Schymans gate kallar me denne, seier han og flirer.

– Dette kan ikkje kallast vandalisme, det er forskjønning, seier Marit Boberg, ei litt eldre kvinne som har slengt seg på aksjonen.

Simone Veil-smauet
Dei spring vidare nedover nydøypte Gudrun Schymans gate og hamnar i Strandgaten, som innan eit minutt får namnet Simone Veil-smauet, etter den franske juristen og politikaren som overlevde konsentrasjonsleirar under andre verdskrig. Vinden og regndråpane ser ikkje ut til å bry nokon, byrommet blir dekorert heil til det er tomt for plakatar. Etterpå er det fest på Fincken, der det blir samarbeidd med den politiske organisasjonen Motmakt Bergen. Under regnbogeflagget som vaiar stolt i vinden heng eit bilete av Emma Goldman og sitatet: «I want freedom, the right to self-expression, everybody's right to beautiful radiant things».

LES OGSÅ: – Alle fitter er fine

Faktaboks

Kvinnehistorisk natt:

Plakataksjon som hyllar kvinnelege heltar i det offentlege

Alle kan vera med og det blir hengt opp plakatar av kvinner som på ein eller anna måte inspirerer, motiverer ellet betyr noko spesielt.

Feira tiårsjubileum 8. mai med aksjon og fest.