Brennpunkt: Oslo vann Sproingprisen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Beste serie i fjor

Artikkelen var først i Kvinnheringen

Ti år tok det å gjenskapa Oslo slik det var på 60-talet. Resultatet, som er bakteppet i teikneserien om etterforskarane Krüger og Krogh, har blitt hylla av teikneserieelskarar- og kjennarar over heile landet sidan Bjarte Agdestein, Endre Skandfer og Ronald Kabíček lanserte første albumet i august i fjor. Bydokter Erling Fossen meinte at norske teikneseriar aldri blir det same igjen etter denne, og at Oslo har fått sin neste populærkulturelle eksportsuksess.

LES OGSÅ: Egil Olsen lagar teikneserie om "rockestjernelivet"

Måndag førre veke kunne teikneserieskaparane ta imot Sproingprisen 2015, for beste norske teikneserie i 2014. Juryen meinte at serien har fanga tidsånda på ein praktfull måte, med gjennomførte teikningar, ein spanande historie og ein fantastisk tidskoloritt.

Bjarte Agdestein, som opphavleg er frå Halsnøy, er svært glad for den gjeve prisen.

— Dette var sjølvsagt veldig stas. Personleg synest eg at det er ekstra artig at ein teikneserie som denne vinn, for den skil seg jo litt ut med denne tradisjonelle fransk-belgiske stilen i ei tid der det er ei trend med meir moderne teikneseriar, seier Agdestein.

Bjarte Agdestein (nr. 2 frå venstre), Endre Skandfer og Ronald Kabicek takka redaktør Iselin Evensen (t.v.) på Egmont Publishing då dei vann prisen for beste norske teikneserie i 2014. Foto: Tonje Tornes/Egmont

«Krüger og Krogh – Brennpunkt: Oslo» er i eit opplag på 23.000 album til no, og for dei tre serieskaparane er det både viktig og godt å registrera at storsatsinga, som kostar mykje tid og pengar, slår an blant publikum. Dei jobbar no med førebuingane til album nummer to, men den siste tida har dei vore opptekne med eit anna spennande prosjekt.

– 14. juni opnar den nye hamnepromenaden i Oslo, og vi har vore så heldige å få vera med å utsmykka denne. Eg kan røpa så mykje som at den skal prydast av tolv meter høge Krüger og Krogh-teikningar, så dette gler vi oss til, seier Agdestein.

I 2013 blei Agdestein tildelt Kvinnherad kulturstipend, og han seier han framleis er audmjuk og glad for dette. Han meiner stipendet har vore eit viktig bidrag i satsinga på teikneserien, som er blitt ein heiltidsgesjeft med mange overtidstimar. Han vil ikkje koma med lovnadar for når neste album kjem, men vonar på ein gong i løpet av 2016.

— Utsmykkingsarbeidet har teke tida vår dei siste månadane, så vi har ikkje fått jobba så mykje med albumet i det siste. Men vi har ei tydeleg manusskisse klar, og er snart klare til fullt fokus på denne igjen, seier Agdestein, som fortel at det tar rundt eitt år å teikna teikningane til eit teikneseriealbum.

LES OGSÅ: «Rarill Krise» snakkar nynorsk i Donald!