Denne vegen gir straum til ein heim

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solcelleveg ein suksess

Det blir skildra som ein suksess, forsøket som har blitt gjort i Nederland med «Solaroad». Tanken om ein veg som tek til seg solenergi heile dagen og sender den ut i straumnettet har fungert betre enn venta, skriv Think Progress.

Test deg sjølv i den store klimaquizen!

Testvegen på rundt 70 meter som vart opna i Nederland – nærare bestemt nær Krommenie, i utkanten av Amsterdam – har produsert 3000 kwh på det halve året den har vore aktiv.

Det er nok straum til å forsyna ein vanleg heim med straum i eitt år, skriv Al-Jazeera.

– Reknar me dette om til årleg utbytte, ventar me meir enn 70 kwh per kvadratmeter i året. Det var rekna som den øvre grensa vår i laboratoriefasen. Me kan med andre ord konkludera med at det første halve året har vore ein suksess, seier Sten de Wit, talsmann for Solaroad, som har utvikla vegen.

Teknologien er ganske enkel – dette er berre vanlege, masseproduserte solcellepanel som er beskytta av glas, silicongummi og sement. Vegen som ligg i Nederland skal tåla trafikk på opp til 12 tonn utan å ta skade av det, ifølgje Ooms Civiel, ein av samarbeidspartnarane i prosjektet. Men til no har vegen stort sett blitt brukt av syklistar.

Solcellepanela som blir brukt skal også ha ei levetid på 20-25 år.

Omtrent slik fungerer vegen. Grafikk: Solaroad

LES OGSÅ: Abu Dhabi: Olje kan ikkje måla seg med solkraft