– Vi klarar ikkje å setta oss inn i det

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha flyktning-dugnad

Saka var først hos Avisa Nordhordland

– Vi sit i verdas rikaste land, no må vi sjå om ikkje vi kan vera med og hjelpa, seier ordføraren frå Kristeleg folkeparti.

Test deg sjølv: Kva kan du om Midtausten?

– Nasjonal tragedie
Til liks med fylkesordførar Lars Sponheim meiner ho det er ein nasjonal tragedie med dei fleire tusen som har fått opphaldsløyve i landet, men som framleis må bu på mottak, for norske kommunar ikkje har kapasitet og moglegheit for å ta dei i mot. No har myndigheitene sendt ut brev der dei ber norske kommunar om å ta i mot fleire flyktningar. Det håpar Byrknes at Lindås kan gjera. Gjerne i samarbeid med andre kommunar i distriktet.

– Det hastar med å gjera ein innsats. Det kan henda det er ting vi kunne gjort på tvers av kommunegrensene. Her klarar vi å samarbeida om alt mogleg. Kvifor kan vi ikkje samarbeida om dette óg, spør ho.

LES OGSÅ: 681 barn ventar på plass å bu

Per i dag er det 5300 som er innvilga opphald og som ventar på å verta busett rundt om kring i Noreg. Noreg har plikt til å busetta dei, men det er frivillig for kvar kommune kor mange dei vil busetta. 

I Nordhordland er stoda at dei i 2014 vart bedne om å ta i mot 113 flyktningar, men sa berre ja til å ta i mot 62. For 2015 har Integrerings og mangfoldsdirektoratet auka det opphavlege ynskjet på 91, og har no bede kommunane om å ta i mot 149 flyktningar i år. Utfordringa er at kommunane førebels berre har sagt ja til å ta i mot 61 flyktningar. Så avstanden mellom kva kommunane er bedne om og kva dei seier ja til er stor.

– Dugnad
Lindås har sagt ja til å ta i mot dei 25 dei opphavleg vart bedne om. No har IMDI bede dei om å ta i mot sju til. Kor mange Lindås bør ta i mot, vil ikkje ordføraren uttala seg om enno.

– Det må vi få greidd ut fyrst. Det handlar jo om bustader og. Men no må vi få ei god og heilskapleg sak på bordet, seier ho. 

– Dei er vanlege menneske som meg og deg. Nokon treng meir hjelp enn andre. Men vi må sjå på dei som kjem som kva slags som helst slags innbyggar. Det høyrest av og til ut som om det er så spesielt dette med flyktningar, men vi skal ta i mot dei nett som alle andre innbyggarar, seier ho. 

– Om alle norske kommunar gjer ein dugnad, kan vi vera med på å gje nokon ein betre livskvalitet og eit nytt liv, seier ho.

LES OGSÅ: Her står syriske Liloz (11) på ski for fyrste gong

Interkommunalt
Lindås-ordføraren understrekar at ho skjønar at ikkje alle kommunar har resursane og kompetansen som skal til for å ta i mot flyktningar.

– Kunne vi i samarbeid klart å skaffa oss ein slik kompetanse trur eg det hadde vorte utruleg viktig for både kommunane og innbyggarane. For dette handlar om menneskeverd. Du har vore på flukt, du treng vern, seier ho. 

Meland er beden om å ta i mot 59 flyktningar dei neste to åra, men har sagt ja til å ta i mot 15 årleg. 

– Vi har sagt ja til 15 i året, for ein skal vera trygg på at vi klarar å gje dei eit godt tilbod, seier ordførar Nils Marton Aadland (H). Han seier dei til no har klart å skaffa flyktningane kommunale bustader.

– Men framover kan det verta utfordrande, meiner han. 

Eit interkommunalt samarbeid er han skeptisk til.

– Det er ikkje gitt at det er rett å etablere fleire interkommunale tiltak i ei tid vi er i gang med forhandlingar om å byggje ein ny kommune. Sjølv om det er eit interkommunalt samarbeid må ein stilla opp med dei same resur-sane. Ein delegerer ansvaret frå seg. Og det er ikkje gitt at det er rett av kommunestyret å gjera det no, seier han.

LES OGSÅ: – Dette bør få konsekvensar for vårt samarbeid med regjeringa

Meland avventar
I tillegg til dei 5300 som ventar på å få ein heimplass, vert det diskutert i Stortinget om Noreg skal ta i mot 10.000 syrarar.

– Vi skal ta opp flyktningsaka politisk når Stortinget har klarert kor mange Noreg skal ta i mot, seier Aadland. Radøy-ordførar Jon Askeland (SP) er klar på at norske kommunar må ta i mot fleire flyktningar. 

– Om finansieringa vert betre, har norske kommunar ei plikt til å få dette i orden, seier han.

Kommunen hans er beden om å ta i mot 45 flyktningar dei neste to åra, men har berre sagt ja til å ta i mot 12.

– Det er ein konsekvens av at flyktningetilskota er vorte for låge. Så med vår utfordrande kommuneøkonomi har det vore ei viktig årsak, seier han. Han viser og til mangel på kommunale husvære. Askeland ser positivt på eit samarbeid på tvers av kommunegrensene.

– Men eg kan ikkje forskottera noko, dette må vi ta opp politisk fyrst, seier han.

Det same skal Lindås. Ordførar Byrknes håpar å få saka opp i kommunestyret i juni.

LES OGSÅ: Opnar for å ta imot fleire flyktningar