Miljødirektøren avviser påstand om politisk press
Miljødirektør Ellen Hambro avviser påstandar om at regjeringa pressa Miljødirektoratet til å gi ei positiv fråsegn til søknaden om gruvedeponi i Førdefjorden.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Avviser politisk press
– Eg registrerer at nokon meiner vi har vore politisk styrte. Det har vi ikkje. Vurderinga er heilt og halden vår vurdering. Departementet har vore svært ryddig, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet til NTB.
LES OGSÅ: Natur og Ungdom er klar til å bryta lova
Direktoratet gav først tommelen ned i november i fjor. Så gav det grønt lys i februar, etter å ha vurdert dei miljøfaglege sidene opp mot samfunnsmessige omsyn.
Det var under spørjetimen i Stortinget sist onsdag at Venstre-nestleiar Ola Elvestuen sa at løyvet kom «etter påtrykk frå departementet». (©NPK)