Norsk på jærsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 28.11.2017 08:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste dagane har Hilde Selvikvåg (23) vorte følgt rundt til intervjuavtalar og radioopptredenar med ”bygdadrøs” i hovudstaden.

– Det er ikkje lett å vera bonde i byen, spøkar platedebutanten, som er glad for merksemda ho får.

LES OGSÅ: Daniel Kvammen – Hot halling på Bylarm

Musikk frå vest

Framtida.no møter artisten på Youngstorget i Oslo litt over ein månad etter plateslepp.

Det er godt å endeleg få ut plata ho har brukt så mykje tid og krefter på dei siste to-tre åra. Det har vorte mykje pendling fram og tilbake frå Bryne til ABC studio i Etne, parallelt med bryllaupsplanar og studiar.

Plata er produsert av ingen ringare enn Odin Staveland, kjent frå Vamp. Ein ekte vestlandsproduksjon med andre ord.

Ho er kanskje ikkje bonde, men det er ikkje tvil om at jæridentiteten sit godt planta i beinmargen. Ho drøymer om å leva av musikken og bu på Jæren, dersom det let seg gjera.

Å flytta til Oslo for karrieren er ein fjern tanke for den heime- og familiekjære jærbuen.

LES OGSÅ: Krev meir norsk musikk

Vamp i stova

Truleg kan Hilde takka foreldra for at ho har vorte så komfortabel i den norske språkdrakta.

– Då eg var yngre hadde me piano i stova og eg pleidde spela ynskjekonsert for dei. Det gjekk mykje i Bjørn Eidsvåg og Vamp. Det var det eg fekk mest ros for, så då haldt eg fram med det, smilar Hilde, som tykkjer det er lettare å formidla tekst på eige språk og dialekt.

23-åringen er over snittet glad i språk og vurderte faktisk å følgje i journalistfotspora til storesystera – som har bidrege som tekstforfattar på plata.

– Med mi eiga dialekt vert det meir nært og personleg. Eg er veldig glad i og stolt over dialekten min, og likar å syna ho fram. Eg prøvde meg litt på engelsk, men eg kjente at det vart feil. Det som er rett for ein sjølv vert meir jillt. Eg klarar heller ikkje synga ei låt på norsk før det er mi dialekt, det vert nesten som å syngja engelsk.

Ho har merka seg at stadig fleire artistar, som til dømes Bertine Zetlitz syng på norsk. Kanskje er det ein trong til å opne opp og vise kven ein er i dette eg-samfunnet, funderer jærbuen.

LES OGSÅ:Moddi – Den flygande strikkegenseren

Viking-stadion

Som barn øva Hilde hyppig på piano og som tiåring byrja ho med toradar.

–  Det var meg og mange 40-50-åringar. Eg tykte det var kjempekjekt, men på ungdomsskulen vart jo alt litt flaot, så då slutta eg. No har eg det ofte med på konsert og det funkar som berre det, fortel vestlandsmusikaren.

Hilde hadde aldri noko fjortisopprør, og har haldt fram i same musikalske spor som heime i stova på Lye.

Framleis får ho mykje skryt for vala sine. Jærbuane set pris på at ho tek vare på og spreier dialekten. Andre seier det er ei god songdialekt.

Så er det sjølvsagt dei som trur ho er frå Stavanger – noko ho ikkje kan forstå.

– Du høyrer forskjell sant?

Vinden på Jæren vert hyppig referert til på plata, òg det er ikkje tvil om at det er kome vind i segla hennar.

– Her om dagen song eg på Viking stadion framfor mange tusen folk. Eg burde eigentleg heia på Bryne, men sidan far heia på Viking vart det laget, smilar Hilde.

LES OGSÅ:Tønes: – Frigjerande å skriva på dialekt

Musikk på resept

For det var sport og ikkje musikk som prega oppveksten på Jæren. Med fotball på høgt nivå i klubben Klepp var det ikkje tid til mykje anna.

– I heile oppveksten var det alltid fyrsteprioriteten. Det var eigentleg litt hemmeleg for alle at eg song. Men då eg rauk korsbandet i 17-18-årsalderen, måtte eg leggje fotballskoa på hylla. Legen spurde om eg hadde nokre andre hobbyar og rådde meg til å heller satsa på musikk, smilar Hilde, og undrar på om ho kanskje bør sende han ei plate med takkehelsing.

Men fotball og musikk kan fungera godt i lag. I fjor gjorde Newcastle-supportaren stor suksess med ein Youtube-cover av «Red is the man» –  ein hyllest til Sir Alex Ferguson og sambuaren som er Manchester United-fan.

LES OGSÅ: Frøken Fryd: – Viktig å ikkje gløyme dei yngre

– Kjende at eg levde

Allereie frå første gong Hilde song «Den finaste eg veit» av Helbillies på Idol-audition i 2011 har det vore norsk på jærsk.

– Eg tenkte det var betre å prøva lykka enn å sitja å angra når eg er 40-50 år. Eg hadde eit håp om nokre minutt på skjermen, som kanskje kunne leia noko. Sambuaren min oppmoda meg sterkt til å synga på norsk og jærsk, sjølv om eg var litt usikker på om det passa inn. Eg er glad eg gjorde det, for etterpå måtte me velje engelske standardsongar. Eg hadde vel ein pakke som ikkje passa heilt inn, så i ettertid er eg glad eg rauk ut såpass tidleg, forklarar Hilde, som enno har Idol-sirkuset friskt i minnet.

Det var ei stor psykisk påkjenning for 19-åringen, men ei erfaring ho ikkje ville vore utan.

– Eg har aldri vore så nervøs nokon gong, men eg kjende at eg levde, fortel 23-åringen, som er imponert over dei tøffe 16-åringane som melder seg på talentkonkurransar.

– Hadde du gitt ut denne plata om det ikkje var for Idol?

– Det er ikkje sikkert. Det var etter det at eg røyk ut at eg fekk lyst å visa kva eg kunne. Det tente ei gnist i meg. Eg vart inspirert og fekk meirsmak av alle dei fine tilbakemeldingane, fortel Hilde.

Etter Idolsirkuset starta bryllaupsoppdraga å renna inn. Mange ville ha «Den finaste eg veit» og andre norske musikkinnslag på den store dagen sin.

LES OGSÅ: – Er det galskap å satsa på musikk

Stor sommar, trygg haust

Sommaren 2015 ser ljos ut på mange måtar for den norske artisten. I tillegg til spelejobbar på Vikedal Roots Festival og langs fleire norske fjordar, skal sjølv ho stå brud.  Då vert det sjølvsagt musikkinnslag.

– «Den finaste eg veit» vert det ikkje, men det vert norsk på jærsk, kan artisten avsløra.

Ho er snart ferdig med lærarutdanninga og har allereie sikra seg ei 60 prosent lærarstilling på Bryne skule. Ei stilling som ho trur kan vere god å kombinera med musikken, som òg er ei hjartesak i skulesystemet.

Hilde er ikkje i tvil om at musikk i skulen er viktig, særleg som ein arena der elevar som kjenner at dei ikkje strekk til på andre område kan få vist seg fram. Sjølv minnast ho ein engasjert musikklærar som oppmuntra og la til rette for at elevane fekk skina.

LES OGSÅ: – Rapparar har vorte ein ressurs i skulen

Meir dialekt, mindre notar

Og ho har klare tankar om kva ho vil ta med seg inn i skulen. Det vert ikkje mykje blokkfløyte og noter.

– Eg spelte piano i sju år og klarte aldri å læra meg noter. For meg var det berre strekar på eit ark, eg leika meg heller og spelte etter øyra, seier den framtidige læraren og legg til:

– Eg vil ikkje berre la elevane få engelske songar, men god gamaldags folkemusikk. Dei kan òg få prøva seg på å omsette songar og bruka dialekten meir.

Sjå Hilde Selvikvåg framføra sin jærske versjon av John Legend sin «All of me».