Hallingdal noir

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje alltid like lett å henge med på alt innan popmusikk. Det er ikkje mange år sidan at norskspråklege plater representerte noko nytt. Det gjer dei ikkje lenger. Og så byrja dialektbylgja å slå seg inn på bestseljarlistene. For å skilje seg ut no må det vere noko meir som fester seg.

Då Odd Nordstoga braka igjennom, tykte alle det var morosamt med dialekten hans. Så kom Stein Torleif Bjella, berre mørkare. Dinest kom ein på at Hellbillies strengt teke har sunge sarte songar om Ål og tapt kjærleik i fleire tiår. Så når Daniel Kvammen fekk eit gjennombrot i fjor haust, må det kome av noko anna.      

Vart til i ei skibu på Geilo

–  Det er ikkje akkurat noko nytt at relativt unge mannfolk syng om kjenslene sine, seier Kvammen sjølv.

–  Så eg har vel kjent på at denne generaliseringa av musikk frå bygda strekkjer seg litt langt, særleg her nede i byen. Men det gjer meg ikkje noko å bli samanlikna med dei heltane eg har heimanfrå. Eg håpar også at desse stadige samanlikningane handlar litt om kvaliteten på det eg held på med, for dei eg blir samanlikna med, held eit veldig høgt nivå. I så fall er det berre ei glede å bli sett i samanheng med desse. Samstundes er det jo slik det av og til fungerer. Det er ikkje uvanleg at det kjem liknande musikalske uttrykk frå eit avgrensa geografisk område, om det er Loddefjord, Bergen eller New York.  Men ei viss generalisering er det jo. Odd Nordstoga kjem ikkje ein gong frå same dal.

Kvammen byrja den musikalske karrieren sin i punkebandet Seed, ein gjeng kompisar som trudde dei var betre enn dei var. I staden for rockestjerne, vart det arbeid i ei skibu i skiheisane på Geilo.

– Det har blitt litt av forteljinga om denne plata, at ho vart til i ei skibu. Eg kjeda meg så ekstremt, datamaskina var ikkje kopla til Internett eller noko. Eg vart difor veldig god på to ting: å teikne i Paint og å skrive songar.

QUIZ: Test kor god du er i halling!

Fridomstrong

Kvammen held fram med å spele gitar. Han øvde ikkje for å bli god, meir av di han vart raustlaus. Saman med nokre kompisar spelte han inn nokre countryrocksongar, og ein eigen trist julesong om svarte tankar 23. desember. Nokon laga ein video til songen, og brått vart han spreidd. Meir og meir. Ein gong på seinsommaren 2013 vart det alvor. Det vart klårt at han skulle spele på ByLarm til vinteren, framfor musikkbransjen. Då måtte det øvast.  

– Det nyttar ikkje å stå på store scenar framfor ei røys med folk utan å vite kva ein held på med.

Det vart slutt på leiken. I haust kom plata ”Fremad i alle retninga”, og ho fekk generelt veldig god mottaking. Og med den kom alvoret i tekstane. Hallingdal Noir.

– Ein del av tanken bak plata, tematikken om du vil, var å fortelje om fridomstrongen eller noko i den gata. Det er kanskje ei mild oppvekstskildring. Plata handlar vel mest om ein nittenårig Kvammen som er dritlei og reiser ut. Kombinert med sanninga om at det ikkje alltid er grønare på andre sida av gjerdet. Sjølv om det eg syng om er personleg, så er det jo berre eit utsnitt av meg, den eg ein gong var. Eg håpar at folk skjønar at det ikkje er ei skildring av kven eg er her og no.

Musikalsk mangfald

Så tittelen peikar på at du vil ut og oppleve alt?

– Det var ein kompis som sa det til meg då me sat på ein kafé. Eg var nervøs for korleis det skulle bli med denne plata, tvilte nok litt. Då trøysta han meg og sa: ”Fremad i alle retninga!”. Eg noterte det ned, det vart hengande ved, før det til slutt vart tittelen på plata. Så ja, ein kan sjå tekstane og tematikken i ljos av tittelen. Men ikkje berre tekstane. Når ein lagar ei plate, så må ein lage ein heilskap og ein variasjon. Lyttarane må sleppe å kjenne på den same kjensla heile tida. Det er vanskeleg å presse fram eit slik mangfald, men eg søkjer jo ein heilskap. Me kutta vekk nokre songar frå plata, dei passa ikkje heilt inn i denne heilskapen. I går høyrde eg opp att ein av dei, og eg tenkte at han absolutt heldt nivå med resten av låtane. Eg skal ikkje seie at me har klart å lage ein perfekt balanse, men eg føler at me kom ganske nær.

Men det er også eit musikalsk spenn, ikkje berre stemning?

– Eit visst spenn, ja. Me prøvde å få til eit mangfaldig musikalsk uttrykk. Eg er veldig imponert over t.d. David Bowie, som aldri gror fast i ein sjanger, men prøver mykje likt og ulikt. Utan å samanlikne meg med han meir enn naudsynt, så held me no på å lage ein coverversjon av ein Timbuktu-låt. Den handlar om baksida av Malmö, der Timbuktu kjem i frå. Eg har omsett han til halling, og trudde han skulle bli dynamisk, meir ein song eg kunne ha skrive. No er det nesten som eg rappar på visse delar, noko eg langt i frå er van med.  Men det kjennest rett å gjere noko ein ikkje er hundre prosent trygg på.

Gangstarap frå Geilo?

– No er vel ikkje Timbuktu særleg gangsta. Men det er faktisk eit viktig poeng for meg, og ikkje berre på denne songen, at hallingmålet blir knytt til noko anna enn rootsinspirert musikk. Eg har ingenting mot det, men eg trur det er bra å syne eit mangfald, eit mangfald som finst i dalen. Alle går ikkje rundt i cowboystøvlar og køyrer Opel.

Men om du har Bowie som ideal, så kan du vel skrive di eiga rapplate?

– Neppe. Eg er for mangfald, men det går ei grense.

Saka stod først på trykk i Norsk Tidend.

Faktaboks

Daniel Kvammen

Kjem frå Geilo, bur i Oslo

Aktuell med plata Fremad i alle retninga