Nynorsk på kino – midt i Oslogryta

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg les godt nynorsk, sjølv om bokmål sjølvsagt er enklare, seier Hussein Hussein med eit breitt smil rundt munnen. Han kom frå Irak i 1998, og fekk norskopplæring – berre på bokmål – i Bærum.

Han er kinosjef for Saga og Klingenberg kino i Oslo. På Saga kino kjem den danske fantasy-filmen «Skammerens datter» med nynorsk tekst frå og med i dag.

Saga er einaste kino i Oslo som har valt nynorsk teksting på filmen, som er basert på danske Lene Kaaberbæl sin fantasy-suksess. I Noreg er det Samlaget som har gitt ut bøkene på nynorsk.

– Me ønskjer alltid å gi fleire alternativ til kundane våre. Om det gjeld fleire tider, ulike filmar eller nynorsk tekst, så er ikkje det negativt. Målet er å ta vare på kundane, fortel Hussein.

LES OGSÅ: Kinosjefar vil ha meir nynorsk

For Hussein Hussein har ikkje spørsmålet om teksting på nynorsk eller bokmål meldt seg før no. Det er han ikkje åleine om. Temaet har rett og slett ikkje vore diskutert noko særleg tidlegare – teksting på bokmål har vore standarden.

– For oss er det heilt naturleg å velja nynorsk sidan det er skriftspråket vårt, men det burde vore vanlegare. Det burde vore like naturleg som at ein vel nynorsk- eller bokmålsbøker, sa Herdis Elin Belsvik, kinosjef i Stord Kulturhus, til Framtida då me spurde om kinosjefane ville ha meir nynorsk i kinosalane sine.

Hussein Hussein, som ikkje kjem frå eit like utprega nynorskområde som Belsvik, har ei liknande oppfatning.

– Eg ser ofte på NRK, og der kjem ein del seriar og filmar med nynorsk tekst, seier Hussein, som ikkje er redd for negative reaksjonar frå Oslo-publikumet.

Søv sjeldan utan ordbok ved senga
Då Hussein Hussein flytta til Noreg i 1998, vart han møtt av eit heilt nytt språk han måtte læra seg.

– Eg er frå Irak, og har ein bachelor frå idrettshøgskulen og faget mitt er fotballtrenar. Eg lærte norsk på vaksenopplæringa i Bærum. Det var ei stor utfordring, for språket er heilt nytt. Ein byrjar heilt på botnen. Eg måtte jobba hardt for å læra, og det tok akkurat fem månader og 28 dagar før eg fekk jobb som postbod. Då var ikkje språket heilt som eg ønska, men det var ein bra start som gjorde meg trygg på jobb. Til og med i dag søv eg sjeldan utan ordbok ved sida av senga – eg lærer aldri nok.

Også nynorsk har Hussein eit godt forhold til – og lite problem med å forstå.

Kva tenkjer du om at mange med norsk som morsmål klagar på at nynorsken er vanskeleg å forstå?

– Eg veit ikkje – eg er kanskje litt stolt av meg sjølv?

Hussein flirer litt, før han utdjupar litt meir alvorleg.

– Det handlar om kva ein ønskjer seg. Eg meiner ein ikkje kan komma vidare i eit land om ein ikkje kan språket godt. Det er ein nøkkel til mange linjer i livet. Nynorsk er ein del av språket, derfor er det viktig for å komma vidare i arbeidslivet, seier Hussein.

LES OGSÅ: Vil at innvandrarar skal få læra nynorsk

Saga Kino er altså plassen å gå om du vil sjå «Skammerens dotter» med nynorsk tekst midt i Oslogryta. Hussein utelukkar heller ikkje at det kan skje fleire gonger.

– Det er ikkje negativt at me tilbyr nynorsk tekst. Me har mange alternativ, dette kan vera eitt av dei. Nordisk film har mange kinosalar over heile byen, og det kan henda – om me har moglegheita til det og diskuterer med programdirektøren og distributøren – at det ikkje er så dumt å ha nynorsk teksting på til dømes Fast & Furious, som går overalt, som eit ekstra tilbod til kundane våre.